Ny E 39 utfordrar nasjonale interesser knytt til natur-, vassdrag og jordvern

Fra Nye Veier sin planbeskrivelse som viser traseen med to ulike trase-alternativ ved Ytre Kydlandsvannet
Fra Nye Veier sin planbeskrivelse som viser traseen med to ulike trase-alternativ ved Ytre Kydlandsvannet

Statsforvaltaren har nyleg gitt uttale til høyring av detaljregulering for ny E 39 for delstrekninga Bue-Ålgård. Det planlagde veganlegget legg beslag på store mengder med jordbruksjord også på denne strekninga. Det er derfor positivt at det blir lagt opp til kompenserande tiltak med nydyrking, men dette må ikkje komme i vesentleg konflikt med naturverdiane.

Publisert 03.12.2021

Trasè-val i sør

I planområdets sørlege del ved Kydlandsvatnet er det i planforslaget presentert to alternative trasèar; A1 (det såkalla vann-alternativet) og A4 (det såkalla land-alternativet). Trasealternativet som er basert på fylling i Kydlandsvatnet vil vere mest skånsamt av omsyn til landbruk og jordvern. Etter ei samla vurdering basert på Statsforvaltarens ansvarsområde, rår vi likevel til at  det landbaserte trasealternativet blir lagt til grunn for den vidare planlegginga.

Utforming og val av vegstandard

Vi har tidlegare i prosessen etterlyst ei nærare utgreiing av vegstandard, blant anna med bakgrunn i konseptvalutgreiinga som la opp til midtrekkeverkkonseptet med 2/3-feltsveg. Statsforvaltaren meiner derfor framleis at reduksjon av kjørefelt bør bli tatt opp som tema i den vidare prosessen. Dersom det likevel skal planleggast vidare for fire-felts-veg i heile korridoren, blir det særleg viktig å sjå på andre moglege løysingar for å minske arealbeslaget.

Nydyrking

Ut i frå eit landbruks- og jordvernperspektiv er det positivt at det blir lagt opp til å kompensere tap av landbruksjord med nydyrking. Av omsyn til den framtidige landbruks-drifta i området ønsker Statsforvaltaren å ha ei positiv tilnærming til tiltak som skal bøte på ulempene for landbruket. Det er samstundes viktig at nydyrking ikkje kjem i vesentleg konflikt med andre verneinteresser. Av omsyn til våre ansvarsområde knytt til klimaomsyn og vern av biomangfald, har vi derfor motsegner og faglege råd knytt til nokre av dei områda som er føreslegne som moglege nydyrkingsareal.