Kommunal- og distriktsministaren svarer om frådeling av gardshus

Intensivt landbruk i Randaberg.

Statsforvaltaren i Rogaland har ved fleire tilhøve klaga på vedtak gjort av kommunane i fylket når det er gitt dispensasjon til frådeling av gardshus. Statsforvaltaren får ofte medhald i klagen frå settestatsforvaltaren. I to sakar frå Rogaland har kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gjort om settestatsforvaltaren sitt vedtak.

Olaug Vervik Bollestad (KrF) stilte i Stortinget spørsmål til kommunal- og distriktsministar Bjørn Arild Gram 29.10.2021 om desse avgjerdene er å rekne som prinsipielle. Gram svarte Bollestad den 04.11.2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.11.2021

Frådeling av gardshus er ein sakstype vi har mange av.

Ei samansett problemstilling

Statsforvaltaren har forståing for at det er ønskje om å dele gardshus frå garden når dei ikkje er nødvendige for drifta. Frådeling vil da både redusere utgifter til vedlikehald, og i tillegg vil inntekter frå eventuelt sal av bustad med tomt kunne styrke økonomien på garden.

Frådeling av gardshus fører til oppretting av fritt omsettelege bustadtomter i landbruksområda og er i strid med landbruksformålet i kommuneplanane. Frådeling krev dispensasjon frå landbruksformålet (LNF-formålet). I slike sakar vil privatøkonomiske omsyn ikkje få avgjerande vekt i ei vurdering av om dispensasjon skal gis etter plan- og bygningslova.

I landbruksområda skal landbruket ha prioritet. I slike sakar må kommunen vurdere kva konsekvensar for arealbruken ei frådeling vil kunne gi. Samanblanding av bustader og landbruk fører ofte til interessekonfliktar knytt til lukt, støv og støy, samt at  frådeling fragmenterer jordbruksområda. Utfordringane blir størst i område med intensiv landbruksdrift. Det er i dag stadig oftare utfordringar knytt til klima og arbeidsform som gjer at bonden må gjere arbeid på jorda til alle slags tider på døgnet. Då er det endå viktigare at slik blanding av interesser blir avgrensa. 

Frådeling av gardshus i sentrale og intensivt drivne landbruksområde er derfor ein sakstype som Statsforvaltaren ved fleire tilhøve har påklaga når kommunane har gitt dispensasjon. Når Statsforvaltaren rår i frå og eventuelt klager på slike vedtak, er det etter ei konkret vurdering der vi ser at frådeling vil kunne gi interessekonfliktar mellom bustadbruk og landbruk. 

Det er og verdt å nemne at gardshus også er ein ressurs for garden, som det kan bli behov for ved eit eventuelt generasjonsskifte. Nytt gardshus vil då vere ein økonomisk byrde og kan føre til ytterlegare nedbygging av jord.

Spørsmål frå Bollestad

I to dispensasjonssaker, frå Randaberg og Strand, gjorde Kommunal- og moderniseringsdepartementet om settestatsforvaltaren sitt vedtak etter førespurnad, slik at det blei gitt løyve om frådeling av gardshus.

Olaug Vervik Bollestad (KrF) stilte den 28.10.2021 spørsmål til kommunal- og distriktsministaren, Bjørn Arild Gram, om KMDs avgjerder er å rekne som prinsipielle og førande for forvaltninga. Spørsmålet kjem opp som følgje av at det Statsforvaltaren i Rogaland etter dei nemnde avgjerder i KMD framleis har rådd i frå og klaga på vedtak om dispensasjon for frådeling av gardshus, sjølv når kommunar har lagt vekt på KMDs avgjerder.

Gram svarar

Kommunal- og distriktsministaren svarte Bollestad den 04.11.2021. Gram viser til at dei to nemnde sakene som blei gjort om av KMD ikkje vil innebere ei endring av praksis:

«Hvorvidt det kan gis dispensasjon etter plan- og bygningsloven til fradeling, vil alltid bero på en konkret vurdering av lovens krav, i hver enkelt sak. De to sakene innebærer ingen endring av praksis. Signaler om hvordan kommunene og statsforvalterne skal ivareta landbruksinteressene, blir gitt gjennom retningslinjer, rundskriv og tildelingsbrev med videre, og ikke gjennom enkeltsaker. I tilfeller som dette er det dessuten nødvendig å innhente samtykke etter jordloven for å gjennomføre fradelingen. I den forbindelse skal landbruksmyndighetene vurdere eventuelle drifts- og miljømessige ulemper som kan oppstå som følge av delingen.» (kommunal- og distriktsminister, Bjørn Arild Gram)

Vidare peiker han på at landbruksinteressene skal ha fortrinn i LNF-områda. Frådeling av tomter til bustadformål er difor i strid med formålet i kommuneplan. Kommunar som ønskjer å opne for frådeling, bør løyse dette gjennom føresegner i kommuneplan om spreidd bustad i LNF-områda.       

For meir informasjon om spørsmål frå Bollestad og svar frå Gram finn du i denne linken.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.