Er du opptatt av jordvern og arealbruk – bli med på laget!

Bilete tatt frå Øvre Håland i Sandnes mot Ålgård i Gjesdal.

Brenn du for berekraftig arealbruk og levedyktig landbruk, då har vi ei stilling som kanskje interesserer deg? Vi leiter etter ein engasjert person med erfaring frå fagfeltet. Dersom det er noko du ikkje kan frå før, får du gode kollegaer som vil bidra med kunnskap.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.01.2022

Vi har lyst ut fast stilling innan areal- og eigedomsforvalting på landbruksavdelinga. Litt nysgjerrig? Sjå for all del på stillingsannonsa. Primært søker vi etter kompetanse innan juss, eigedoms- eller planfag.

Kampen om areala i Rogaland

I Rogaland er det mykje folk og stor aktivitet, samstundes har vi dei mest aktive jordbruksområda i landet. Dette gir stor merksemd knyta til bruk og vern av areal, og vi har i oppgåve å finne gode løysingar i balansen mellom nasjonal politikk og lokale interesser, gjennom planar og enkeltsaker. Vi har eit lovverk å forvalte, men like viktig er det å formidle kvifor vi må ta vare på matjorda og sikre bonden grunnlag for matproduksjon. Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver innan planlegging og særlovar i landbruket, ofte i dialog med kommunar. Vi er om lag 25 tilsette i avdelinga, og på det aktuelle fagfeltet er det eit team på 4-5 personar, som alle ønskjer å gjere kvarandre gode. I tillegg vil stillinga inngå i ei større tverrfagleg plangruppe på embetet.

Ta kontakt

Er du nysgjerrig eller har nokre spørsmål må du gjerne kontakte landbruksdirektør Geir Skadberg, eller assisterande landbruksdirektør Anfinn Rosnes som er næraste leiar på fagfeltet.

Vi snakkast!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar