Avslag på søknad om gardsutsal på Stokka i Sandnes kommune

Statsforvaltaren i Rogaland klaga på eit kommunalt dispensasjonsvedtak i ei sak gjeldande etablering av gardsutsal på Stokka i Sandnes kommune, på motsett side av E39 like ovanfor Kvadrat kjøpesenter. Omsyn til langsiktig grense landbruk og driftsulemper for landbruksdrift blei vektlagt i klagen. Statsforvaltaren i Vestland har no fatta endeleg vedtak i klagesaka.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2021

Statsforvaltaren i Rogaland si grunngjeving for klagen var at ei etablering av denne type verksemd i denne konkrete saka var i strid med nasjonale og regionale føringar for landbruks- og arealpolitikken og jordvernomsyn. Vi la vekt på at tiltaket ikkje hadde nær tilknyting til ordinær landbruksproduksjon, og at det difor ikkje høyrde heime i kjerneområde for landbruk. Klagen kan lesast i si heilskap her eller ved å laste ned vedlegget til denne artikkelen. 

Det kom samstundes inn to klager i frå naboar. Søkjaren sjølv kravde saka oppheva på grunn av sakshandsamingsfeil, av di det blei framført at tiltaket ikkje trong dispensasjonshandsaming. Statsforvaltaren i Vestland vart av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) oppnemnd som settestatsforvaltar for å handsame dei tre klagene og opphevingskravet.

Stasforvaltaren i Vestland har gjort endeleg vedtak

Det kom endeleg vedtak i saka frå Statsforvaltaren i Vestland den 10.05.21. Vedtaket kan lesast i si heilskap her eller ved å laste ned vedlegget til denne artikkelen. Oppsummert vert klagene teke til følgje, og det blir ikkje gitt løyve til dispensasjon frå LNF-føremålet for å etablere gardsutsal på den aktuelle landbrukseigedomen. Det blir lagt vekt på at dispensasjonen går på tvers av den langsiktige og overordna arealforvaltinga i området.

Statsforvaltaren i Vestland viser mellom anna til den langsiktige grensa for landbruk som har vore ein viktig premiss for korleis Jæren-regionen ser ut i dag. Det blir også gjort vurderingar kring den konkrete eigedomen og areal- og ressursgrunnlaget, og konkludert med at saka skulle handsamast som ein dispensasjon. Vidare blir det presisert innleiingsvis at når eit politisk utval kjem til anna resultat enn det kommunedirektøren har laga innstilling og grunngjeving til, så må utvalet sjølv grunngje sitt vedtak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.