Jordbruksoppgjeret 2022 til behandling i Stortinget

Stortinget skal behandle regjeringa sitt forslag til jordbruksoppgjer for 2022-2022 den 15. juni. Jordbruksoppgjeret er i sum på 10,9 mrd. kroner, medrekna eigen kompensasjon på 2,4 mrd. kroner for kostnadsvekst. Det er gjort viktige grep for jordbruksfylket Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.06.2022

Det blei som kjend avtale mellom næringsorganisasjonane og staten om oppgjeret. Regjeringa legg fram avtalen for Stortinget den 15. juni, og vi viser til proposisjon 120 S (2021-2022) for meir innformasjon. 

Løft i alle produksjonar

Det er klar auke i tilskotsats for alle dyreslag, men eit særleg løft for sau og ammeku. Auka støtte til beitedyr er viktig for beitefylket Rogaland. Tilskot pr ammeku (opp til 50 dyr) er auka frå 4290 til 5290 kroner. Sau er det dyreslaget som har fått klart størst relativ auke pr dyr, frå 985 til 1885 kroner (opp til 75 dyr).

Saman med auke i beitetilskot, håpar vi dette gir grunnlag for aktiv pleie av våre viktige beiteressursar. Elles er styrking av kornproduksjon viktig også for Rogaland som har stor del av dei kraftfôrkrevjande dyreslaga.

Klar miljø- og klimaprofil

Oppgjeret har elles ein auke på 238 mill. innan klima og miljø, og vi har særleg merka oss styrkinga av Regionalt miljøprogram (RMP) med 185 millionar for utbetaling i 2023. For Rogaland blir det ein auke frå 45,7 til 66,4 mill. kroner. Det er lagt til grunn at bruk av RMP har klare prioriteringar sett i høve til miljøutfordringane i fylket. Vi har t.d. opna opp for miljøvenleg gjødselspreiing i heile fylket. Vi er nå i arbeid med revisjon av regionalt miljøprogram fram mot 2023. 

Auke i investeringsmidlar

Avtalen inneheld også auke på 271 mill. kroner i investeringsmidlar (IBU) i 2023, i tillegg til de 200 mill. kroner som er løyvd som ekstra midlar frå om med 2022. Det er framleis fokus på det å prioritere omlegging frå båsfjøs til lausdrift for mjølkebruk inntil 30 kyr. Maksimalt tak for tilskot er auka til 3,5 mill. kroner og inntil 40 % av kostnadsoverslag. I Rogaland har Innovasjon Norge også i år gått tom for investeringsmidlar tidleg på året. Ekstra auke i investeringsmidlar blir difor godt motteke. Det er framleis stort behov i Rogaland til fornying, særleg til omlegging frå båsfjøs til lausdrift i mjølkeproduksjon. 

Eige utval skal sjå på kvoteordninga

Det har vore ein god del diskusjon om kvoteordninga. Gjennom avtalen er det bestemt at det skal setjast ned eit partsamansett utval som skal sjå på om det kan vere behov for endringar i ordninga. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.