Tap av dyr på utmarksbeite – eit komplekst bilete

Kvart år går tusenvis av beitedyr tapt. I 2024 kom over 68 000 sau og lam ikkje heim frå beite. Dei fleste blei tatt av rovvilt, medan laushundar framleis utgjer ein undervurdert risiko. GPS-overvaking og korrekt registrering er viktige verktøy for å redusere tap og sikre dyrevelferd.
Utmarksbeite er ein viktig ressurs i norsk landbruk, både for dyrevelferd, økonomi og berekraftig bruk av naturen. Tap av dyr i beitesesongen er ei fast utfordring. Tap kan skuldast sjukdom, ulykker, rovdyr og angrep frå laushundar. Gjennom fleire tiår har forvaltninga samla inn data som gir eit godt grunnlag for å forstå utviklinga.
Statistikk frå tilskot til organisert beitebruk
Tilskot til organisert beitebruk, som no er ein del av Regionalt miljøprogram (RMP), gir verdifull statistikk over tap av dyr på utmarksbeite. Statistikken går tilbake til 1981.
I 2024 viser tal frå NIBIO at det nasjonalt blei sleppt 1 281 300 sau og lam på utmarksbeite. Av desse kom 68 575 dyr ikkje heim att, noko som gir ein samla tapsprosent på 5,4 %. For vaksen sau var tapsprosenten 3,1 %, og for lam 6,8 %.
I Rogaland blei det sleppt 57 170 sau og lam i organiserte beitelag. Av desse blei 2 331 dyr registrert som tapt, med ein samla tapsprosent på 4,1 % – 2,6 % for sau og 5 % for lam. Beitestatestikk for sau i utmark finn du på NIBIO`s nettside her; BeiteStatistikk - Hjem
Tala for 2025 er enno ikkje klare, då søknadsfristen for rapportering i RMP er 15. november.
GPS-bjeller til overvaking
For å redusere tap og betre dyrevelferda, har mange beitelag teke i bruk GPS-bjeller og elektronisk overvaking. GPS-bjeller gir betre oversikt, effektiv sanking og moglegheit for å analysere beitebruk og tilvekst. Dei kan også varsle dersom dyret ligg stille for lenge, noko som kan indikere sjukdom eller død.
Tap til rovdyr
Det finns fleire rovviltartar som kan ta sau og lam. Ifølgje Miljødirektoratet er jerv og gaupe dei rovviltartane som står for størst del av dei dokumenterte tapa på nasjonalt nivå. Kongeørn kan ta dyr, hovudsakeleg lam tidleg i sesongen, medan ulv og bjørn i enkelte område kan føre til store lokale tap. Det er betydlege sesongvariasjonar, og særleg jerv kan stå for store tap på hausten.
I Rogaland er det generelt låge tap til rovdyr, men det har vore dokumenterte tilfelle av tap til jerv, kongeørn, gaupe og ulv i enkelte område.
Rovdyrtap til jerv og ulv i 2024
Beitesesongen 2024 var prega av stor uro for tap til jerv, spesielt etter observasjonar og teikn til yngling i område. Mange beitelag frykta omfattande skadar i heia, og det blei etterlyst ekstraordinære uttak før sesongen. I tillegg fekk regionen i Dalane besøk av ein ulv i 2024. I Rogaland var det derfor ulv som stod for flest dokumenterte tap. Mange sauebønder i Rogaland blei også ramma av jerv som tok sau og lam i heia, hovudsakeleg i Agder.
Erstatningsordninga fungerer slik at ein søker til fylket som organisasjonsnummeret er knytt til. Statsforvaltaren i Rogaland fekk difor uvanleg mange søknader for 2024. Det blei søkt om erstatning for 426 sau og lam drept av jerv, og 116 drept av ulv. Dette er ei kraftig auke frå året før, då det ikkje var registrert tap til nokon av desse artane i fylket.
Laushundar – ein undervurdert risiko
Ein mindre omtalt, men alvorleg tapsårsak er angrep frå laushundar. Mattilsynet og fleire beitelag har rapportert om slike hendingar, og det blir oppmoda til å setje opp plakatar og varsle politi og dyreeigar ved observasjon av laushundar i beiteområde.
Viktig med korrekt registrering
Det er avgjerande at alle tap av dyr på beite – funne eller ikkje – blir registrert som tapt. Dette er viktig både for statistikk, erstatningsordningar og for å kunne setje inn målretta tiltak. Manglande registrering fører til underrapportering og svekkar kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga.
Finn du eit kadaver og mistenker at rovdyr har vore på ferde, bør du ta kontakt med ein rovviltkontakt. Sjå meir informasjon her; Kontaktpersonar ved dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr | Statsforvaltaren i Rogaland
Dyreeigarar har rett til full erstatning ved dokumentasjon på at freda rovvilt som gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er årsak til tap av husdyr eller tamrein. Om tapet ikkje er dokumentert, må Statsforvaltaren vurdere om tapet til rovvilt er sannsynleggjort. Søknad om erstatning skal sendast elektronisk via Miljødirektoratets søknadssenter. Du finn meir informasjon og søknadsskjema her: Miljødirektoratet – Erstatning for sau drept av fredet rovvilt