Rekordlågt sal av mjølkekvotar i 2025

Fristen for å selje heile eller delar av grunnkvota for mjølk var 15. august. Talet av søkjarar som ynskjer å selje mjølkekvotar er i år rekordlågt. På landsbasis er det 76 søknader om å selje kvota, og berre 3 søknader frå Rogaland. 

Publisert 11.09.2025

I 2023 og 2024 blei det bestemt i jordbruksforhandlingane at 100% av grunnkvote kunne seljast privat. Då var det mange som nytta seg av ordninga og selde grunnkvota si. I 2025 blei gamle reglar gjeninnført om at minst 40 % av grunnkvota må seljast til staten og 60 % kan seljast privat. Frå 2023 fram til i år har det ikkje vore mogleg å kjøpe grunnkvote frå staten. Årsaka er at volumet skal brukast til rekrutteringskvote i Troms og Finnmark.

Oversikt for Noreg

I Rogaland er det berre 3 søknader for sal av kvote for kumjølk. Fleire faktorar spelar inn for utviklinga, behov for mjølk i marknaden gjer at bønder vel å fortsetta med mjølkeproduksjon i båsfjøs fram mot lausdriftskravet, nokre investerer i lausdrift og treng meir kvote i nytt driftsopplegg og nyetableringar. Ein kan heller ikkje utelukka at fleire nytta moglegheita til å selje alt privat i 2023 og 2024, og effekten av regelendringa er færre søknader i år. 

 

  Tabell for omsetning i Noreg 2025, kjelde: Landbruksdirektoratet  

Produksjonsregioner ku

Søknader om salg

Salg privat (liter)

Salg til staten (liter)

Agder

-

-

-

Møre og Romsdal

9

255 766

186 875

Nordland

11

828 324

552 221

Oslo og tidligere Akershus fylke

2

89 506

59 672

Rogaland

3

189 562

126 376

Tidligere Buskerud fylke

-

-

-

Finnmark fylke

2

116 556

77 705

Tidligere Hedmark fylke

4

275 002

183 337

Tidligere Oppland fylke

6

240 382

160 257

Telemark fylke

-

-

-

Troms fylke

3

-

135 133

Østfold og Vestfold Fylke

6

466 681

311 122

Trøndelag

20

1 038 032

692 029

Vestland

10

418 798

279 213

Totalt

76

3 918 609

2 763 940

 

Utvikling i Rogaland

Vi har lagt ved tabell som viser utviklinga i tal føretak med disponibel kumjølkkvote i Rogaland frå 2023 til 2025. Den viser at nedgangen i tal føretak stagnerer frå 2024 til 2025.  Ifølgje Landbruksdirektoratet har 117 føretak har starta opp i Rogland dei siste tre åra. Talet inkluderer produsentar som driv med berre lokalforedling som nødvendigvis ikkje leverer til meieri, og brukerskifte der kvota blir overført i eit 1:1 forhald til nytt føretak. 

Mjølkevolumet i Rogaland har hatt ein auke på nesten 51 millionar liter frå 2024 til 2025. Årsaka er høgt forholdstal som gjer bonden moglegheit til å produsera over disponibel grunnkvote. Prognose frå Tine mjølkeråvare tilseier overskot av mjølk i 2025 og at forholdstalet vil bli sett ned i 2026. 

Oppsummering

Tabellen viser tal eigedomar som har selde kvote om liter mjølk. Det er førebels ein godkjent søknad for 2025, dei to andre søknadene er ikkje ferdig behandla. 

 

2023

2024

2025

Tal eigedomar

66

184

1 - 3

Liter mjølk

7 215 444

20 014 518

130 000 – 467 544

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.