Prioritering av mindre mjølkefjøs gir resultat!

I vårt oppdragsbrev til Innovasjon Norge i februar blir det særleg framheva at mjølkebruk med 15-30 kyr skal ha prioritet. Vi kan nå sjå at dette gir resultat.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.08.2018

Mjølkefjøs med 15-30 kyr har klar prioritet

Vårt oppdragsbrev er eit styringsdokument for målretta bruk av investeringsmidlane i Rogaland. Vi har første halvår prioritert ressursar til å motivere bønder med 15-30 mjølkekyr til å investere i ny driftsbygning, og vi kan nå registrere at dette gir resultat. Innovasjon Norge har motteke fleire søknader innan denne målgruppa, og vi har fått signal om at det er fleire som har planar om å søkje.

Optimist frå Vindafjord

Mjølkeprodusent Lars Henry Dagsland frå Vindafjord er eit godt døme på ein som vil setje ut i livet planar om nytt mjølkefjøs, med ei kvote på om lag 200 000 liter. Dette kunne vi lese om i Bondevennen 10. august «Tidenes tørkesommar og signal om renteauke tek ikkje motet frå Dagsland».

Robot aktuelt også i mindre fjøs

Fleire stiller med god grunn spørsmål til det å investere i robot på bruk med 25-30 mjølkekyr. Med slikt mjølkevolum kan ein robot frigjere relativt mykje tid, og desse timane kan for nokon gi høve til anna inntekt som kan dekke rentekostnad for roboten.

Robot gir også andre positive sider som kan ha stor verdi, som Dagsland peikar på i intervjuet i Bondevennen:

«Eg vil få meir fleksibel arbeidstid enn i dag. Det er særleg viktig i høve å kunne følgje opp barna. Mykje av fritidstilboda skjer på kvardagane mellom kl 17-19.»

Det å ha høve til å pleie familien er eit undervurdert tema i saker som dette.

Bygg enkelt og gjerne i tre

Prosjekt med energi- og klimaeffektive løysingar skal ha prioritet, og vi vil igjen framheve bruk av tre som byggemateriale. Det kan løyvast inntil 150 000 kroner ekstra for bygg i tre.

Kopi av artikkelen i Bondevennen finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.