Pelsdyrbønder skaper seg nye inntekter

Opning av Norglamp i Ryfylke. Frå venstre Thomas, Natalia, Sissel Elisabeth og Reidar Helgesen.
Opning av Norglamp i Ryfylke. Foran "Hobbit-hole" står frå venstre Thomas, Natalia, Sissel Elisabeth og Reidar Helgesen. Foto: Hanne Elin Herrebrøden.

Det manglar ikkje på pågangsmot blant tidlegare oppdrettarar i Hjelmeland. Med statlege omstillingsmidlar er det blitt investert i glamping og epler.

Publisert 13.05.2025

Forbodet mot å halde pelsdyr kom i 2019 og oppdrettarar i gamle Hjelmeland kommune har på ulikt vis kome seg vidare etter at erstatningsoppgjeret og riving av anlegga er ferdig.

Glamping for den gode opplevinga

Sist helg var det offisiell opning av Norglamp sitt reiselivsanlegg på Randøy. Reidar Helgesen dreiv i mange år med pelsdyr, i eit anlegg som låg fritt og flott til på høgda over gardstunet på Randøy. Det er den yngre generasjonen som har teke over og som har utvikla garden innan reiseliv. Her finns lukseriøse globe-telt, tretelt, tønnehytte, ei spesiell «Hobbit-hole», samt sauna og andre fasilitetar.

Langt sprang frå mink til eple

Bjørg og Atle Hauge dreiv med mink på Solheim Gard som ligg i Hetlandsbygda. Dei har tidlegare vist at dei har gryndergenet i seg gjennom si satsing på blåbær og juletre. I tillegg driv dei med egg. Dei fekk omstillingsmidlar for å legge om til epleproduksjon. Dei er dyktige og er vande med mangesysleri, og tok denne omstillinga på strak arm.

Bjørg og Atle Hauge i eplehagen på Fister. Foto: Eli Munkeby Serigstad

Tøff satsing av grynder på Ombo

Randøy Maskin AS blir drive av tidlegare oppdrettar Stian Rørheim. Han har valt å trappe ned husdyrproduksjonen og satsar tyngre på entreprenørverksemda.

Om omstillingsmidlar for pelsdyroppdrettarar

Dette var midlar som skulle hjelpe oppdrettarar til omstilling til ny verksemd for dei som blei ramma av lovforbodet. Det blei avsett 95 millionar kroner til føremålet. Rogaland hadde omlag 80 pelsdyrføretak (34 prosent av føretaka i Noreg) og det var mange som fekk innvilga støtte av Innovasjon Norge.

Av dei 29 føretaka som fekk omstillingsmidlar i Rogaland, har 22 investert i nye driftsbygningar eller lager på garden. Talet vil bli høgare, då ikkje alle er heilt i hamn med byggeprosjekta. I tillegg er det 3 andre som har fått ordinære investeringstilskot frå Innovasjon Norge.

Det blir ikkje tildelt slike midlar lenger, då denne ordninga blir avvikla innan utgangen av 2025.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.