Nye erstatningssatsar ved overproduksjon av svin og fjørfe
Landbruks- og matdepartementet har vedteke nye standardiserte erstatningssatsar ved overskriding av konsesjonsgrensene for svine- og fjørfeproduksjon. Dei nye satsane trer i kraft frå 1. januar 2026.
Publisert 07.01.2026
Vi viser til vår artikkel om høyring om nye erstatningssatsar og Landbruks- og matdepartementet (LMD) sitt fastsettingsbrev som beskriv bakgrunn for endringa. Ein hovudårsak til endringa er at dagens satsar ikkje speglar den faktiske lønsemda i produksjonen. Dei fleste høyringsinstansane ga støtte til LMD sitt forslag. Det blei mellom anna peika på at satsane bør reviderast oftare for å følgje inntekts- og kostnadsutviklinga.
Dei nye satsane vil gje større økonomiske konsekvensar ved overskriding av konsesjonsgrensa, spesielt for svineproduksjonen.
Nye satsar frå 1. januar
LMD vidarefører modellen med to nivå for erstatning:
- Låg sats ved overproduksjon opp til 20 % over konsesjonsgrensa.
- Høg sats ved overproduksjon over 20 %, der det normalt er snakk om drift i fleire bygningar og høgare faste kostnader.
Tabellen er henta frå forskrift om endring i forskrift 1. april 2004 nr. 611 om regulering av svine og fjørfeproduksjonen.
