Meir beitebasert storfekjøtt av høg kvalitet med norske landrasar

Grålin på beite av Ståle Hustoft

Norske landrasar er ikkje berre ei nøysam lita mjølkeku, men og gode beitenyterar som kan levere ekstra smaksrikt og marmorert kjøt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.12.2022

Det var noko av bodskapet til Ola Hammer frå Urfe SA på fagmøte som vart halde i sist veke under tittelen; Norske landrasar, eit alternativ til ekstensiv mjølkeproduksjon. I samarbeid med produsentlaga i Tine blei det halde tre fagmøter i Suldal, Vikeså og Aksdal. Her fekk nysgjerrige bønder høyre om landrasane si historie og fordelar som produksjonsdyr.

Både ekstensiv og effektiv

Dei norske landrasane produserer som kjent ein del mindre mjølk i snitt enn kva ei norsk raudt fe (NRF)-ku kan. Det er kanskje først når ein slepp dei på beite at ein verkeleg får sjå deira potensial. Ola Hammer kunne fortelje at landrasane i snitt tapte mindre mjølk når dei blei slepte på beite enn ei NRF-ku. Ein kan óg sjå at dei nyttar beite betre både i form av område og vekstar. Dette gjeld spesielt kor ein har mindre næringsrike beiter i ulent terreng.

Eit norsk kvalitetskjøtt

Ein del produsentar nyttar landrasane berre til kjøttproduksjon, og her kan det førekomme kjøttstykkar med særskilt høg grad av marmorering. Under samlinga fekk folk i salen sjå bilete av kjøttstykke ein gjerne kunne forveksla med den etter kvart så kjente rasen Waguy. Ola Hammar kunne fortelje at dette gjeld spesielt dei dyra som et minimalt med kraftfôr og som blir slakta over ein viss alder.

«Nokon vil seie at ein nesten kan oppnå viltsmak av kjøt frå ein landrase» fortalde Hammer, som har hatt med seg fleire kjendiskokkar på tidlegare samlingar. Dette taler til fordel for å bruke av utmark og kastratar.

Bevaringsverdige rasar

De norske landrasane har i dag status som nasjonal bevaringsverdige husdyrrasar. Kriteria for denne statusen er at størrelsen på populasjonen er så liten at rasen er trua eller kritisk trua. Det er Norsk Genressurssenter som sett desse kriteria.

Det er av nasjonal interesse å sikre bruk og vern av desse rasane for å ta vare på biologisk mangfald i landbruket. Det gis derfor ekstra produkjonstilskot for bevaringsverdige husdyrrasar som oppfylle krava:

  • Mjølkekyr, ammekyr og oksar som er minst 7/8 av rasane;

Sidet trønder – og nordlandsfe, Østlandsk raudkolle, Dølafe, Vestlandsk raudkolle, Vestlandsk fjordfe eller Telemarksfe.

  • Registrert i Norsk Genressurssenter
  • Har kalva dei siste 18 månadane
  • Inntil 2 oksar pr føretak over 12 månadar på teljedato

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.