Lansering av «Trygg rådgivar i landbruket» – eit viktig verktøy for betre bondevelferd
Fagleg rettleiar som skal gjere landbruksrådgivarar tryggare i møte med bønder som står i krevjande livssituasjonar er no lansert. Målet er å gi kunnskap og verktøy som gjer det mogleg å gripe inn tidleg – og hindre tragediar som kan ramme både menneske og dyr.
Tysdag den 11. november vart den nye faglege rettleiaren for landbruksrådgivarar lansert digitalt som ein del av prosjektet Betre bondevelferd. Heile 74 deltakarar var med på samlinga, der Linda Thomassen og Randi Mossefinn frå Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging - RVTS Vest, presenterte rettleiaren og sentrale tema.
Kvifor ein rettleiar?
Målsetjinga er å gi rådgivarar kompetanse og kunnskap om psykisk helse slik at vi kan ta grep tidleg – og førebyggje tragediar som rammar både menneske og dyr.
Målgruppa er rådgivarar som har kontakt med bonden. Det betyr ikkje at rådgivaren skal bli psykolog, men det er ei anerkjenning av at rådgivarar i landbruket er viktige samtalepartnarar. Dei har god innsikt i drifta og er ofte dei første som oppdagar negativ utvikling.
Rettleiaren er delt inn i tre fasar:
- Grøn: Planlegging før besøket
- Gul: Den operative fasen under besøket
- Raud: Oppsummering, evaluering og tiltak etter besøket
Risikofaktorar i landbruket
Bønder står ofte i ein krevjande situasjon med høgt arbeidspress, lange arbeidsdagar, økonomisk uvisse og ansvar for dyr. Sosial isolasjon, sjukdomsutbrot i buskapen og generasjonskonfliktar kan forsterke belastninga. Mange har ikkje hatt ferie på fleire tiår, og dette blir opplevd som «normalt» i næringa.
Desse faktorane kan påverke den psykiske helsa negativt. Forsking viser at halvparten av befolkninga vil oppleve psykiske utfordringar i løpet av livet – og landbruket skil seg ikkje frå resten av samfunnet her.
Sjølvmordsførebygging – eit samfunnsansvar
Sjølvmord er eit alvorleg samfunnsproblem, og statistikken viser at 73 % av sjølvmorda i Noreg i 2024 var menn. Under lanseringa vart det understreka at det ikkje er farleg å spørje direkte om sjølvmordstankar ; «ein plantar ikkje ein idé ved å våge å spørje» fortel Linda Thomassen. Tvert imot kan det vere ein viktig måte å vise omsorg og bidra til at personen får hjelp.
Rettleiaren gir konkrete råd om korleis rådgivarar kan handtere slike situasjonar på ein trygg og profesjonell måte. Ho har òg eit eige avsnitt om sjølvivaretaking for rådgivaren, og tek for seg situasjonar der ein er bekymra for dyrevelferda.
Eit breitt samarbeid
Prosjektet Betre bondevelferd er eigd av Rogaland Landbrukspark og gjennomført i samarbeid med slakteria Fatland, Nortura og Prima Slakt, samt Statsforvaltaren i Rogaland. Rogaland fylkeskommune har støtta prosjektet. Rettleiaren er utvikla av RVTS Vest og byggjer på innspel frå ei rekkje aktørar i landbruket.
Du finn rettleiaren på nettsidene til Rogaland Landbrukspark Rogaland Landbrukspark SA – kompetansenettverk for landbruket, under publikasjonar.