Korleis søkje om beitetilskot?

Kyr på beite på Jæren
For å få tilskot for dyr på beite må minst halvparten av grovfôropptaket kome frå beite. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

Regelverket om beitetilskot kan være vanskeleg å forstå. Kva skal til for å få tilskot for dyr på beite, og kva med utmarksbeite? Vi skal prøve å gjere greie for kva du må vite for å søkje om beitetilskot.

Publisert 28.09.2021

Regelverket

Føremålet med beitetilskot er å stimulera til auka beiting. Dette er eit viktig verkemiddel for pleie av kulturlandskap og utnytta utmarksressursane.

Regelverket for beitetilskot kan virke komplisert. I utgangspunktet kan alle føretak som har hatt sau, lam, geit, kje, storfe, hest, alpakka og lama på beite i minst 12 eller 16 veker søkje om beitetilskot for desse dyra. I følgje forskrifta om produksjons- og avløysartilskot i jordbruket kan det gis tilskot for dyr på beite med tilfredsstillande beitemoglegheiter, dersom hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket til dyret skjer ved beiting. Beiting må skje i minimum 16 veker i sone 1-4, og 12 veker i sone 5-7. På utmark må dyra beite i minst 5 veker. 

Føretaket som søkjer som beitetilskot må disponera dyra i beiteperioden. Det er ikkje eit krav at føretaket disponerer dyra 1. oktober for å få beitetilskot. Ved brukarskifte i beitesesongen og beitetida tilfredsstiller krava til tilskot, er det ny brukar som har rett på beitetilskotet. Viss fleire føretak disponerte dei same dyra i beiteperioden og dyra oppfyller krava til beitetid, er det føretaket som seinast disponerte dyra som har rett på tilskotet.

Hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket skal kome frå beite

Kva betyr det eigentleg at hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket skal kome frå beite ? Jo, det betyr at meir enn halvparten av grovfôropptaket skal kome frå beite - dette gjeld både for innmarksbeite og utmarksbeite. Difor kan man supplera med mindre mengde grovfôr utanfrå eller slått ved behov. Beitearealet må være stort nok og beitekvaliteten god nok til å gje tilfredsstillande beitemoglegheiter for tal dyr som beiter, slik at minst halvparten av grovfôropptaket skjer ved beiting.  

Kva er stort nok beiteareal?

Regelverket til beitetilskot har ikkje fasit på kva som er stort nok beiteareal. Forvaltninga viser til heftet "Husdyrbeite i utmark" av Yngve Rekdal, Norsk institutt for skog og landskap, 2009, ved vurdering av beiteareal. 

imagecjazq.png

Kjelde: «Husdyrbeite i utmark» av Yngve Rekdal, Norsk institutt For Skog og Landskap, 2009.

Dersom det er naudsynt å gje ekstra grovfôr i midt i vekstsesongen, når planteveksten er høgast, må gardbrukaren vurdera om beitekapasiteten er god nok til at dyra kan ta opp minst halvparten av grovfôret frå beitet mot seinsommar og haust. I desse tilfella skal gardbrukaren vurdera kor mange veker dyra tilfredsstiller vilkåret om minst halvparten av grovfôropptak frå beite blir følgt når det skal søkjast om beitetilskot.  

Kva om arealet er for lite?

Det kan være vanskeleg å vurdera areal, tal dyr og grovfôropptak. Arealbehovet heng saman med beitekvaliteten, og beitekvaliteten heng saman med sesong. Alt i alt kjem det an på kor mange dyr som beitar i forhold til areal og beitekvalitet. Nokre gonger stemmer ikkje dette og då er det ikkje grunnlag for å få beitetilskot for nokre av dyra. Eit eksempel på dette er henta frå rundskrivet, Produksjonstilskot og avløysartilskot 2021-5:

«Hvis det går 50 storfe på et beiteareal som bare er stort nok til å dekke et grovfôropptak til 10 storfe, kan det ikke innvilges beitetilskudd til noen av dyrene som har gått på det aktuelle beitet. I et slikt tilfelle, hvor forskjellen mellom antall dyr som faktisk har beitet på arealet og antall dyr beitet er egnet for er så stor, vil det være svært lite sannsynlig at noen av dyrene har tatt opp mer enn 50 prosent av grovfôret fra beite. Dermed er det heller ikke grunnlag for å innvilge beitetilskudd for noen av dyrene.»

Innmark og utmark utan avgrensning

I nokre tilfelle er beite klassifisert som både innmark og utmark, og dyra beiter fritt mella desse områda. I desse tilfella kan det være vanskeleg å føre rette opplysningar for tal dyr og tal veker mella innmark og utmark i søknad om produksjonstilskot. Er du usikker så ta kontakt med kommunen for rettleiing.

Dokumentasjon

Kommunen kan krevje dokumentasjon for at dyra har vore på beite for ein gitt periode. Dokumentasjonen kan vere eigne notat (til dømes i KSL), faktura for dyretransport, og/eller anna registrering som kan dokumentere tidsrommet og tal av ulike dyreslag på beite.

Dokumentasjonen bør innehalde:

  • Tal dyr per dyreslag på beite
  • Dato for slepp og sanking
  • Kva beiter dyra har beita på ulike tider.

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.