Kommunar og vaktdistrikt kan no søkje om tilskot for å sikre veterinærtenester for 2026
Tilskotet skal bidra til å sikra tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell på dagtid i næringssvake område. Frå 1. januar 2026 er det opna for å søkje. Fristen er 10. april!
Statsbudsjettet for 2026 er no vedtatt, og 48 millionar kroner er øyremerka stimuleringstilskot til veterinærtenester. Det er ein auke på over 10 millionar frå 2025, noko som er positivt for å sikra tilfredstillande tilgang på veterinærar.
Rogaland får tildelt 837 000 kroner i stimuleringstilskot for i år. Det er ein auke på 197 000 kroner frå 2025. Prosentvis fordeling av total ramme er uendra.

Tilskotet skal gå til stimuleringstiltak som kan bidra til tilfredsstillande tilgang på veterinærtenester i kommunar der næringsgrunnlaget for veterinærar er svakt.
Alle kommunar kan søkje, men Statsforvaltaren skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfelle skal administrasjonskommunen søkje.
Kommunen sitt ansvar
Kommunane skal lyse ut ordninga og sette frist for veterinærar til å søkje om stimuleringstilskot. Kommunen søkjer stimuleringstilskot på vegne av kommunen eller vaktdistriktet.
Frist for søknad og rapportering
Kommunen søkjer om stimuleringstilskot samt rapporterer om brukte tilskotsmidlar i 2025 via Altinn. Skjemaet heiter "Stimuleringstilskudd til veterinærdekning".
Frist for søknad om tilskot for 2026 samt rapportering om brukte midlar i 2025 er sett til 10. april 2026.
Prioriteringar for tilskot
Statsforvaltaren vil prioritere stimuleringstilskot til:
- kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller med lågt dyretal og krevjande infrastruktur.
- kommunar som har vanskar med å rekruttere og halda på veterinærar, og som har, eller vil, etablere hensiktsmessige tiltak for å avhjelpe situasjonen.
- der stimuleringstilskotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.
Vi viser til utfyllande informasjon i rundskrivet som er lenka til denne sida.
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85