Kan fôr til landdyr og fisk kome frå berekraftige kjelder innan 2034?

Kraftfôrindustrien vil gjerne ta i bruk berekraftige kraftfôrråvare så lenge det er lønnsamt og forsvarleg til å brukast i fôr. Foto: Arkiv Norsk Landbruk av: Marcus Pasveer

Målretta Samfunnsoppdrag er banebrytande satsingar for å finna løysingar på definerte utfordringar innan ein tidsfrist. Regjeringa har sett mål om at alt fôr til landdyr og oppdrettsfisk skal kome frå berekraftige kjelder innan 2034, og skal bidra til å redusera klimagassutsleppa i matsystema. Den 19. juni møtte næringa, forvaltninga og forskingsmiljø til dialogmøte for å diskutera utfordringar og løsningar på samfunnsoppdraget. 

Publisert 25.06.2025

Dialogmøtet var eit av fleire møter som blir arrangert ulike stader i Noreg. Forskingsrådet er vertskap for sekretariatet som skal koordinera arbeidet for samfunnoppdraget. Føremålet med møtet var å kartlegga flaskehalsar og behov på tvers av sektorar, utvikla og prioritera tiltak som bidreg til å nå måla for samfunnsoppdraget- som omfattar å bevara naturmangfald, styrka fôringrediensindustrien og auke forsyningstryggleik. 

Delmåla for samfunnsoppdraget

  • Redusera klimagassutslepp frå fôrproduksjon
  • Auka delen berekraftig importert og norskprodusert råvare
  • Forbetra grovfôrkvalitet til drøvtyggjarar
  • Sikra tilgang på kritiske mikroingrediensar innan 2034

Frå forsking til industri

Møtet bestod av gruppearbeid om idéutvikling og prioritering av tiltak. Det vart peika på at det finst mykje forsking og teknologi for produksjon av alternativ proteinråvarer, men få løysingar kan per i dag skalerast på ein berekraftig måte. Årsaka er at det krevst enorme innsatsfaktorar, og økonomi er ein av desse. Både husdyrnæringa og oppdrettsnæringa har eit prispressa marknad, og det er ikkje lønnsemd å ta i bruk alternative fôrråvarer per i dag. 

Oppsummering av tiltaka:

  • Auka samarbeid mellom offentlege og private aktørar i både blå og grøn sektor
  • Økonomiske insentiv som tilskotsordningar, skatteinsentiv og regelverksendringar
  • Redusert svinn gjennom sirkulær bruk av restprodukt frå mat- og fôrindustri
  • Forutsigbar økonomi for dei som investerer i og nyttar bærekraftig fôr
  • Sjå på behov for regelverksendringa til industrien
  • Utvikling av korn- og grastypar som tåler klimaendringar og gir gode avlingar

Alle gruppene var einige om at ein må sjå på ressursane me har lokalt, regionalt og nasjonalt, og nytta dei på best mogleg vis. Økonomien må vera forutsjåeleg for dei som investerer i, produserer og nyttar fôr frå berekraftige kjelder. 

Ressursbruk og norsk grovfôr

Noreg har eit avgrensa areal dyrka mark for kornproduksjon, og korn til husdyr og mat delar på dei same ressursane. Samstundes har landet store grasressursar i form av innmark og utmark. Drøvtyggjarar kan utnytte desse lokale ressursane effektivt, noko som gjer grovfôr til ei nøkkelkjelde i framtidas berekraftige fôrløysingar. Ved å hauste meir protein frå enga, reduserar vi forbruket av importerte proteinråvarer.

Vegen vidare

Innspela frå alle dialogmøte skal bli oppsummert av sekretariatet, og danne grunnlaget for strategiar og prioriteringar framover. I 2026 blir samfunnsoppdraget evaluert, inkludert eventuelle justeringar av delmål.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.