Frist for sal av grunnkvote er 15. august

Du kan søkje om å selje grunnkvota innan 15. august. Søknaden sendast via Altinn og behandlast av Landbruksdirektoratet. 

Publisert 13.08.2025

Eigare av landbrukseigedomar med grunnkvote kan søkje om å sejle heile eller delar av grunnkvota. Salet trer i kraft 1. januar påfølgjande år. 

Ver merksam på at viss du har grunnkvote over produksjonstaka på 700 000 liter kumjølk eller 350 000 geitemjølk, og sel kvota slik at du kjem under desse grensene, vil det ikkje vere mogleg å kjøpe seg opp igjen eller på anna måte erverve kvote til over produksjonstaka på seinare tidspunkt. 

Utfyllande informasjon om korleis du søkjer finn du på Landsdirektoratet sin nettstad. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.