Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland, temamøte om forureining frå jordbruket

Dato:
30. september 2022 09:30 - 11:30
Stad:
Digitalt, på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Jordbruksnæringa og personar som er involvert eller interessert i vassdragsforvaltning.
Påmeldingsfrist:
28. september 2022 00:00
Laugalandsåna i Hjelmeland kommune har god økologisk tilstand. Det er målet for alle vassdraga i Rogaland.
Laugalandsåna i Hjelmeland kommune har god økologisk tilstand. Det er målet for alle vassdraga i Rogaland. Foto: Monica Dahlmo.

Forureining frå jordbruk er ein viktig årsak til at mange vassdrag i Rogaland har dårleg vassmiljø. Bønder kan søke regionalt miljøtilskot for å gjere frivillige tiltak som minsker tap av næringsstoff frå jordbruket. På temamøte 30. september blir det faglege innlegg og tid til å gi innspel til nytt Regionalt miljøprogram for Rogaland 2023–2026.  

Publisert 12.07.2022

Det er klare forventingar til at Rogaland prioriterer regionalt miljøtilskot til tiltak som kan minske tap av næringsstoff til vassdrag. Det handlar mellom anna om god forvaltning av dei store mengdene med husdyrgjødsel i fylket, hindre erosjon på jordbruksareal og forvaltning av kantsonene langs vassdrag.   

Program

  • Velkomen!
  • Informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren. 
  • Siste nytt om Regional plan for vassforvaltning. Anneli Vatshaug, Rogaland fylkeskommune
  • Faglege innlegg:
    • Optimal bruk av husdyrgjødsel. Odd Ingebret Paulsen, NLR Rogaland
    • Tett på vassdraga. Prosjektleiarane i dei to satsingane «Frivillige tiltak i landbruket» presenterer seg sjølv og sitt arbeid. Dei fortel om kva dei ser og opplev, og kor dei meiner skoen trykkjer.
      • Jæren vannområde: Maya Runde Stølen og Per Bjorland.
      • Haugaland vannområde: Anders Eidhammar
    • Kantsonar langs jordbruksjord og erfaringar med jordbrukstiltak i Haugaland vannområde ved vannområdekoordinator Sven-Kato Ege
  • Fellessatsing for Hålandsvatnet. Margit Reiersen, prosjektleiar hjå Statsforvaltaren i Rogaland
  • Dialog

 

Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland

Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon. 

Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.

Interessert?

Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte seinast onsdag 28. september. 

Dato:
30. september 2022 09:30 - 11:30
Stad:
Digitalt, på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Jordbruksnæringa og personar som er involvert eller interessert i vassdragsforvaltning.
Påmeldingsfrist:
28. september 2022 00:00