Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland, temamøte om biologisk mangfald

Dato:
27. september 2022 09:30 - 11:30
Stad:
Digitalt, på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Folk og organisasjonar som arbeider med naturmangfald, eller berre er interessert i temaet.
Påmeldingsfrist:
26. september 2022 09:00
Klokkelyng, fylkesblomen i Rogaland, er ein nøysam plante som tener på tradisjonell skjøtsel av kystlynghei. Foto: Audun Steinnes.
Klokkelyng, fylkesblomen i Rogaland, er ein nøysam plante som tener på tradisjonell skjøtsel av kystlynghei. Foto: Audun Steinnes.

Dei første kystlyngheiane er fem tusen år gamle, og treng framleis skjøtsel ved beiting, brenning og fjerning av skog. Kvart år går det over sju millionar kroner i regionalt miljøtilskot til beiting av kystlynghei. Skal Rogaland ta i bruk eige tilskot til brenning? Det er eit av spørsmåla vi må ta stilling til i rulleringa av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Synspunkt? Velkomen til temamøte. 

Publisert 12.07.2022

Korleis skal Rogaland klare å ta vare på det biologiske mangfaldet samstundes som presset på bonden frå utbygging, auka effektivitetskrav og spreiearealbehov blir stadig større? I Regionalt miljøprogram er biologisk mangfald eit grunnleggande tema.  

Program

  • Velkomen!
  • Informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren. 
  • Informasjon om Miljødirektoratet sine tilskotsordningar til skjøtsel av sårbare naturtypar. Kristian Wilén Haaland, rådgivar hos Statsforvaltaren 
  • Faginnlegg:
    • Kystlynghei, Rogaland si levande historie: 
      • Gardbrukar Atle Tjåland fortel om korleis han driv si kystlynghei, og om brenning og brannlag
      • Branngeneral på Haugalandet, Ove Stumo, fortel om organiseringa og arbeidet med brennelag
    • Naturbeitemark. Vår mest sårbare naturtype? Kristian Wilén Haaland, rådgivar hos Statsforvaltaren 
  • Dialog
    • Høyrer tilskot til brenning heime i RMP eller i SMIL?
    • Open post

Det blir ein pause i programmet ca kl 10.30

Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland

Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon. 

Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.

Interessert?

Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte rett i forkant av møtet.

Dato:
27. september 2022 09:30 - 11:30
Stad:
Digitalt, på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Folk og organisasjonar som arbeider med naturmangfald, eller berre er interessert i temaet.
Påmeldingsfrist:
26. september 2022 09:00