Innbyggarhøyringa i Forsand-delen av Sandnes: Fleirtalet vil til Strand kommune

Det er denne delen av Sandnes kommune innbyggarhøyringa gjeld.
Det er denne delen av Sandnes kommune innbyggarhøyringa gjeld. Foto: James Stott / Kartdata - Kartverket, Geovekst og kommunane.

Innbyggarane som har svart på innbyggarhøyringa er klar i tilbakemeldinga. 54 prosent ønsker ei grensejustering til nabokommunen Strand.

Publisert 09.02.2022

Resultatet blir eit viktig moment som me tar med oss inn i heilskapsvurderinga i grensejusteringssaka. Innbyggarhøyringa er sjølvsagt viktig når me skal konkludera, men også andre faktorar speler inn, som til dømes kommunikasjonsmønster, pendling og tenestetilbod.

Slik fordeler stemmene seg

Spørsmålet som blei stilt er om «du ønsker ei grensejustering av Forsand-delen av Sandnes, slik at området du bur i blir ein del av Strand kommune».

Svaralternativa var ja, nei eller usikker.

  • Ja: 54 prosent
  • Nei: 44 prosent
  • Usikker: 1 prosent

Totalt har 603 personar over 18 år svart i undersøkinga av totalt 663 tilgjengelege telefonnummer. Statsforvaltar Bent Høie er imponert av oppslutninga.

Imponerande høg svarprosent

– Heile 80,4 prosent av innbyggarane over 18 år i området har svart på undersøkinga. Det er svært gledeleg og speglar eit stort engasjement, seier Høie.

Med så stor oppslutning er statsforvaltaren trygg på at resultatet er representativt for folkeviljen – med god margin.

– Ja, det er eg. Det er også beskjeden frå Opinion som har gjennomført undersøkinga på vegner av oss. På førehand fekk me opplyst at det var realistisk å oppnå ein svarprosent på 30 prosent, og me fekk innspel frå Opinion om korleis me kunne auka oppslutninga. Me har gjort mykje for at så mange som mogleg skal få seia meininga si. Det er informert om undersøkinga, og telefonnummeret det skulle ringast frå, gjennom annonsar i lokalavisene og Stavanger Aftenblad. Alle som skulle ringast, har fått informasjonsbrev i posten. Dei innbyggarane me ikkje hadde telefonnummeret til, fekk i tillegg eit brev med informasjon om korleis dei skulle registrera seg. Alle har blitt oppringt fleire gonger. Dei som ikkje har svart på telefonen har fått tilsendt ei lenke på SMS som dei kunne svara på, seier Høie.

Det er likevel slik at nokon av ulike grunnar ikkje har fått svart. Det endrar ikkje utfallet av undersøkinga. Dette er ei befolkningsundersøking, der resultatet er avhengig av at ein stor nok del av befolkninga inngår i undersøkinga. Oppslutninga i denne undersøkinga ligg langt over det som er vanleg, og kan derfor leggjast til grunn som ei god og representativ undersøking av kva befolkninga meiner om saka. Opinion legg til grunn ein svarprosent på 91 prosent. Dette er basert på tilgjengelege telefonnummer, som denne typen undersøking alltid blir rekna ut frå.

Aldersgruppa 30–59 år er mest positiv til Strand

Det er fleirtal for grensejustering til Strand blant både kvinner (56 prosent) og menn (53 prosent).

Når me ser på aldersfordelinga, er fleirtalet for Strand høgast i aldersgruppene 30–39 (62 prosent), 40–49 (63 prosent) og 50–59 (57 prosent).

I den yngste og dei eldste aldersgruppene er det knapt fleirtal for å bli verande i Sandnes kommune.

  • 18–29: 51 prosent ønsker ikkje grensejustering
  • 60–69: 52 prosent ønsker ikkje grensejustering
  • 70 år og eldre: 49 prosent ønsker ikkje grensejustering. Her er tre prosent usikre.

Sjå vedlegga frå Opinion for fleire detaljar.

Bakgrunnen for undersøkinga

Statsforvaltaren i Rogaland har fått i oppdrag å utgreia konsekvensane av ei eventuell grensejustering mellom kommunane Sandnes og Strand, for det området som tidlegare utgjorde Forsand kommune. Ei slik endring betyr i så fall at området frå Forsand-delen av Sandnes går over til Strand kommune.

Oppdraget fekk me av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), med bakgrunn i eit innbyggjarinitiativ som kom frå Aksjonsgruppa Ja til folkeviljen, nei til tvangssamanslåing. Det er KDD som skal avgjera saka, men Statsforvaltaren skal bidra med sentrale opplysningar og ei fagleg tilråding.

– Målet er å ha ei tilråding til departementet klar i slutten av februar, seier Bent Høie.

Redaksjonar som eventuelt ønsker ytterlegare kommentarar frå statsforvaltar Bent Høie, tar kontakt med kommunikasjonssjef John Gunnar Skien (kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar» i nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.