Avgjort: Inga endring av grensa mellom Sandnes og Strand

Kommunal- og distriktsdepartementet har vedtatt å ikkje endra grensa mellom kommunane Sandnes og Strand. Dermed blir Forsand-delen av Sandnes kommune verande i Sandnes. 

Publisert 22.06.2022

− Forsand-saka har vore handsama i Stortinget fleire gonger. Det har vore fleire grenseendringar i dette området på kort tid. Forslaget som no var til vurdering, ville ikkje føra grensene tilbake til ein tidlegare situasjon, men ville nok ein gong innebera nye grenser. Etter ei heilskapleg vurdering har departementet vedtatt ikkje å endra kommunegrensa, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Statsforvaltaren i Rogaland med fagleg tilråding om grensejustering

Statsforvaltaren i Rogaland, som har greidd ut saka på oppdrag frå departementet, tilrådde at departementet endra grensa i tråd med innbyggjarinitiativet og resultatet av innbyggarhøyringa. Departementet har hatt møte med kommunane før vedtaket blei fatta.

I tillegg til vedtaket om å ikkje endre grensa, har departementet vedtatt å ikkje setja i gang utgreiing av to andre innbyggjarinitiativ om grensejustering; eitt for Kolabygda og eitt for Lysebotn.

− Tar den politiske beslutninga til etterretning

− Statsforvaltaren i Rogaland kom med ei klar fagleg tilråding til departementet i denne saka. Nå tar me den politiske beslutninga til etterretning, seier statsforvaltar Bent Høie. 

Les meir på regjeringa.no

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.