Njåstad til kommunereformsamlinga i oktober

Rydd plass i kalenderen: Det blir ny prosess-samling om kommunereforma den 28. oktober 2015, med fokus på demokratiet i reforma. Helge André Njåstad er ein av innleiarane på samlinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.06.2015

Som tidlegare ordførar i Austevoll og fylkestingsmedlem i heimfylket, kjenner Njåstad Vestlandet godt. Han representerer Hordaland på Stortinget, der han også er leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen.

Demokrati er temaet

På samlinga i oktober blir demokrati den raude tråden. Vil større kommunar med nye oppgåver styrka lokaldemokratiet? Korleis kan kommunane organisera seg politisk ut frå demokratiske omsyn? Fører interkommunalt samarbeid til svekking av lokaldemokratiet? Dette er døme på problemstillingar som vil bli tekne opp på samlinga.

Næringslivet

Men ikkje bare det. Kva meiner næringslivet om morgondagens kommunestruktur? Det skal regiondirektør i NHO Rogaland, Hallvard Ween, snakka om.

Nye politikarar

Samlinga er lagt til slutten av oktober slik at det skal vera høve for nyvalde politikarar å delta. Det er samstundes lagt til grunn at ein god del kommunar har vore gjennom ein naboprat når vi kjem ut i oktober, og at det kan vere problemstillingar knytt til den vidare prosessen som kan bli drøfta og avklarte på samlinga.

Hovudmålgruppa for samlinga er politisk og administrativ leiing i kommunane. Men også andre aktuelle aktørar (fagorganisasjonar, næringslivet, interessegrupper) er velkomne.
Me sender eigen invitasjon til alle kommunar. Program og påmeldingssystem blir lagt ut på nettsida vår så snart dette er klart.

Samlinga blir arrangert på Clarion Hotel Energy, Tjensvoll.
Førebels tidsramme for samlinga er 11:00-16:00.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar