Kulturen i kommunereforma

Nå er programmet klart og det er bare å melda seg på. Onsdag 29. april arrangerer Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune, i samarbeid med NOKU Rogaland, ein seminardag for å diskutera kulturen i kommunereforma.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.03.2015

Kva rolle skal kulturlivet ha i prosessen rundt kommunereforma? Skal ein byggja felles identitet i dei nye kommunane? Kan kommunereforma vera med og styrkja kulturlivet? Kva møteplassar og arenaer treng ein i vidstrekte kommunar? Korleis byggjer ein felles organisasjonskultur i kulturorganisasjonar?

"Å forma biblioteket for eit nytt hundreår"

Det er tittelen på foredraget til nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Men han er langt ifrå den einaste som kjem. Her er lista over foredragshaldarane:

  • Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar
  • Janne Johnsen, fylkesordførar i Rogaland
  • Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland
  • Hilde Gunn Bjelde, styreleiar i KS Rogaland
  • Rolf Norås, kultursjef i Stavanger
  • John Arve Hveding, kultursjef i Karmøy
  • Ulf Ludvigsen, kultursjef i Klepp
  • Astrid Apalset Vassbø, kultursjef i Bjerkreim
  • Målfrid Snørteland, direktør Jærmuseet
  • Guri-Mette Vestly, konst. forskningssjef NIBR
  • Erik Fossåskaret, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger

Seminaret er gratis. Heile programmet og påmeldingsskjema finn du her. Lenke også i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.