Kulturen er limet i lokalsamfunna

Me må ikkje gløyma kulturen dersom me skal lukkast med ein ny kommunestruktur. Det var den klare beskjeden frå fleire av innleiarane under konferansen med fokus på kulturen i kommunereforma i Sandnes i går.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2015

Over 100 deltakarar var samla for å diskutera kulturen i kommunereforma, og det kom fram mange gode bidrag som stadfestar kulturlivet si viktige rolle i lokalsamfunna. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa framheva kultursektoren og friviljuge organisasjonar som limet i lokalsamfunnet. Biblioteka kan ha arrangement som ordførarar og rådmenn ikkje hadde kome på sjølve, sa Kleppa.

Aslak Sira Myhre minna om biblioteka si viktige rolle

Google løyser slett ikkje alle utfordringane våre, sa nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Biblioteket er ein viktig digital kunnskapsarena der du kan få hjelp til å leita fram det du er ute etter.

- Bare dei som er sprø – eller bibliotekar – går til side 17 i Google-søket. Og det er gjerne der du finn det du er ute etter, sa Myhre.

Den nye nasjonalbibliotekaren la til at bedehus, samvirkelaget og Folkets hus blir lagde ned, då får biblioteket ei viktig rolle som møteplass. Slik han ser det bør dei ha tre viktige funksjonar i framtida:

  • Utlån av bøker
  • Digital kunnskapsarena
  • Møteplass

 - Vi kjenner ikkje kommunevåpenet i nabokommunen

Kultursosiologen Erik Fossåskaret framheva at byen og bygda er betre identitetsberarar enn kommunen. Etter 50 år er det ikkje uvanleg å skifta relasjonar, og då er det betre å bygga nytt i lag enn å flytta inn til ein ny partner, meiner Fossåskaret.

Han peika vidare på at fleirtalet av folk frå Sandnes er sandnesfolk på deltid, då over 50 prosent jobbar i nabokommunane. Først når Lifjell blir som Ulriken i Bergen, vil Sandnes få heva status, sa Fossåskaret.

Programmet for konferansen ser du her. Presentasjonane blir også lagt ut her når dei er klare.

Konferansen samla over 100 deltakarar frå heile Rogaland.

Konferansen samla over 100 deltakarar frå heile Rogaland. Foto: John Gunnar Skien.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar