Korleis går arbeidet med kommunereforma i Rogaland?

Fylkesmannen har nå laga ei oppdatert oversikt for mai over status i kommunane sitt arbeid med kommunereforma. Framleis er kommunane i Rogaland i ein prosess med utgreiingar, men det er også starta ein god del arbeid med involvering.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2015

Fylkesmannen bad alle kommunane om å rapportera inn status i arbeidet med kommunereforma innan 1. mars 2015, og resultatet frå denne rapporteringa har me presentert tidlegare. Nå har me oppdatert statusen pr. mai 2015. 

Få konkrete samanslåingsplanar

Alle kommunane i Rogaland har nå vedteke å delta i reformarbeidet, men framleis er det berre tre av kommunane som har kome til konkrete planar om samanslåing (Hjelmeland, Strand og Forsand). Det har i fleire kommunar vore uformelle samtalar med nabokommunar om ulike modellar for ny kommunestruktur, men det har førebels ikkje ført til konkretisering av eit vidare samarbeid mot samanslåing.

Kva meiner folk?

I tillegg til utgreiingsarbeid, har fleire kommunar nå starta arbeidet med involvering av tilsette, innbyggarar og andre aktuelle målgrupper. God informasjon, opne prosessar og brei involvering vil vera avgjerande i arbeidet med kommunereforma.

I løpet av juni 2015 skal sak om kommunereforma til ny behandling i kommunestyret i fleire av kommunane. Me viser til kommunane sine heimesider for oppdatert informasjon.

Du finn den oppdaterte statusen for reformarbeidet i kommunane i høgremargen, men du finn også informasjonen i kartløysinga vår. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.