Innbyggjarverktøyet er på plass

Det har vore etterspurt ei stund, men nå er ventetida over. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har fått laga eit ferdig verktøy for innbyggjarundersøkingar til bruk kommunereforma.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2015

Verktøyet skal gi eit viktig grunnlag for kommunestyret si avgjerd om kommunesamanslåing.

Kva meiner folk?

Informasjon og involvering er ein viktig del av arbeidet med kommunereforma, og mange kommunar i Rogaland er i ein fase der det er aktuelt å høyra kva innbyggjarane meiner. Verktøyet kan tilpassast behovet i den enkelte kommune, samstundes er det nyttig at fleire kommunar nyttar det same opplegget.

Lagar rammeavtalar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit arbeid gåande med å inngå rammeavtalar med eit utval av selskap som kan gjennomføra undersøkinga dersom kommunen ønskjer det.

Meir informasjon finn du på KMD si nettside. Relevante lenker ligg også i høgremargen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.