Tre av Rogalands kommunar er blant dei ti best styrte kommunane i landet

Klepp kommune ligg på 4.plass på rangeringa av best styrte kommunar i Noreg.
Klepp kommune ligg på 4.plass på rangeringa av best styrte kommunar i Noreg.

Dette kommer fram av ein rapport produsert av Agenda Kaupang på vegne av Storebrand Livsforsikring AS. Rapporten samanliknar styringa av norske kommunar i 2022 og baserer seg på rekneskapstal frå 2021. 

Publisert 26.08.2022

Agenda Kaupang har identifisert dei best styrte kommunane for at andre kommunar skal kunne læra av dei. Målinga er kalla Kommuneindeksen og er meint å bli ein årleg rapport. Kommuneindeksen 2022 legg vekt på kvalitet, kostnadar og finansar. Kommunane vert samanlikna innanfor følgande delindeksar: lågast kostnad, best kvalitet, mest effektiv og beste finansar. Gjennomsnittet av desse delindeksane blir brukt i Kommuneindeksen, som kårer dei best styrte kommunane.

Kommunesstørrelse har liten betydning

Både store og små kommunar har kome høgt på rangeringa over best styrte kommunar. Rapporten konkluderer med at det er liten/ingen samanheng mellom kostnadar og kvalitet eller mellom kommunestørrelse og kvalitet, og det er liten samanheng også mellom inntektsnivå og finansar. Det er leiing og hardt arbeid som gir resultat.

Agenda Kaupang påpeker likevel at det er en tendens til at større kommunar gjer det betre samla sett enn dei mindre kommunane.

Klepp, Hå og Bjerkreim

Det er Gjerdrum kommune som er rangert øverst i Kommuneindeksen 2022, og kommunen er dermed rekna til å vere den best styrte kommunen i landet. Blant dei ti kommunane i landet med best rangering på Kommuneindeksen finner vi Rogalandskommunane Klepp (4.plass), Hå (5.plass) og Bjerkreim (9.plass). At kommunar er godt styrt betyr i Kommuneindeksen låge kostnadar, høg tenestekvalitet og gode finansar.

Av totalt 356 kommunar i landet er heile 9 Rogalandskommunar å finne på rangeringa av dei 50 best styrte kommunane.

Også i fjor kom Agenda Kaupang med ein rapport som samanliknar styringa i norske kommunar. Den er likevel ikkje direkte samanliknbar ettersom dei har endra metoden for kvalitetsmåling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.