Statsforvaltaren i Rogaland skal fordele femti millionar kroner i ekstra skjønstilskot til kommunane

Stortinget vedtok å auke skjønsramma til kommunane med 1,5 milliardar kroner for fyrste halvår 2021. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har no gjort ei fylkesvis fordeling av midlane. Rogaland fekk femti millionar kroner. Det er Statsforvaltaren som avgjer den vidare tildelinga av tilskotet ut til kommunar i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2021

KMD har i si fordeling lagt vekt på å treffe dei fylkene som har hatt dei høgaste meirutgiftane til smittevern og oppfølging av TISK-strategien. Som grunnlag for fordelinga har dei brukt rapportering om status for meirkostnader frå alle kommunane i landet, samla inn av statsforvaltarane i mars 2021. Kommunane ga i rapporteringa også eit samla anslag for meirkostnader for heile fyrste halvår 2021. 

Tabell 1: Fylkesvis fordeling av 1,5 milliardar kroner i skjønstilskot, 1. halvår 2021

Fylke

Skjønsramme
(1 000 kr.)

Skjønsramme
(kr. per innbyggjar)
Oslo og Viken 950 000 487
Innlandet 50 000 135
Vestfold og Telemark 65 000 154
Agder 28 000 91
Rogaland 50 000 104
Vestland 220 000 344
Møre og Romsdal 28 000 105
Trøndelag 51 000 108
Nordland 28 000 116
Troms og Finnmark 30 000 124

Landet

1 500 000 278


Statsforvaltaren skal dele ut til kommunar

Det er Statsforvaltaren som avgjer den vidare tildelinga til kommunar og vi har fått følgjande retningliner frå KMD:

- Tilskotet skal berre gå til kommunar.

- Tildelinga skal vere målretta til kommunar med dei høgaste meirutgiftane grunna smittevern og oppfølging av TISK-strategien som følgje av pandemien.

- Departementet skal ha den kommunevise fordelinga fra Statsforvaltaren innan 14. juni 2021.

- Det skal ikkje vere rapportering til departementet på bruken av midlane.

- Midlane vil bli utbetala til kommunane i termin sju.

Statsforvaltaren kan langt på veg gjere ei tildeling av dei ekstra skjønsmidlane ut frå den rapporteringa som kommunane i Rogaland gjorde i mars 2021. Smittesituasjonen har likevel vore betydeleg endra i fleire av kommunane sidan mars. Vi vil difor gje desse kommunane ei sjanse til å kome med ei oppdatert rapportering før tildelinga. Kommunane har frist til å gje ei tilbakemelding innan 7. juni kl. 12.    

Kommunane har fått ekstra midlar gjennom innbyggjartilskotet

Det ekstra skjønstilskotet kommer i tillegg til pengar som allereie er fordelt til kommunane på grunn av pandemien for 1. halvår 2021 gjennom innbyggjartilskotet. Kommunane har også fått midlar til kontrolltiltak med smittevern. Sjå tabell under. 

Kommune Midlar til kontrolltiltak med smittevern, fyrste halvår 2021 (1 000 kr.) Auka innbyggjartilskot for fyrste halvår 2021
(1 000 kr.)
Sum
Eigersund 1 000 12 139 13139
Stavanger 2 000 117 635 119 635
Haugesund 1 500 30 538 32 038
Sandnes 1 500 65 519 67 019
Sokndal 1 000 2 695 3 695
Lund 1 000 2 618 3 618
Bjerkreim 500 2 291 2 791
1 000 15 620 16 620
Klepp 1 000 16 133 17 133
Time 1 000 15 597 16 597
Gjesdal 1 000 9 891 10 891
Sola 1 000 22 371 23 371
Randaberg 1 000 9 228 10 228
Strand 1 000 10 649 11 649
Hjelmeland 500 2 128 2 628
Suldal 1 000 3 112 4 112
Sauda 1 000 3 745 4 745
Kvitsøy 500 420 920
Bokn 500 698 1 198
Tysvær 1 000 9 153 10 153
Karmøy 1 500 34 605 36 105
Utsira 500 158 658
Vindafjord 1 000 7 102 8 102

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar