Revidert nasjonalbudsjett 2022 og Kommuneproposisjonen 2023 - nokre hovudpunkt

Revidert nasjonalbudsjett 2022 (RNB) og Kommuneproposisjonen 2023 blei lagt fram 12. mai. Her er nokre hovudpunkt og lenkjer til dei aktuelle dokumenta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.05.2022

Kommuneøkonomien ved inngangen til 2022


Kommuneøkonomien er god
I 2021 fekk kommunesektoren samla sett eit netto driftsresultat på 4,7 prosent. Det er godt over tilrådinga frå det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU). Kommunesektoren har jamt over god økonomistyring og solide reservar. Talet på kommunar i ROBEK nasjonalt er lågt. I Rogaland er det ingen kommunar i ROBEK.

Kommunesektoren er kompensert for koronapandemien i 2020 og 2021
Samla sett er kommunesektoren kompensert for åra 2020 og 2021 med totalt om lag 30 mrd. kroner. For første halvår 2022 vil kompensasjon bli vurdert etter at arbeidsgruppa, som er samansett av medlemmer frå KS og staten, har levert sin sluttrapport. Arbeidsgruppa skal levere rapporten innan 1. september 2022.

Styrking av kommuneøkonomien i 2022
Kommunesektoren er i 2022 er styrkt med 4,1 mrd. kroner etter saldert budsjett. Veksten er målt i forhold til anslått inntektsnivå for 2021 i Revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Skatteanslaget for inneverande år er oppjustert med 21 mrd. kroner. Dette beløpet er fordelt på 17,4 mrd. på kommunane og 3,6 mrd. på fylkeskommunane. Oppjusteringa har samanheng både med oppjusterte anslag for løns- og sysselsetjingsvekst og restskattar som følgje av høge utbytteuttak i 2021.

Den kommunale deflatoren er auka til 3,7 prosent i 2022, oppjustert frå 2,5 prosent i saldert
budsjett 2022. 

Auka i skatteinntekter frå utbytte i 2022 på 14 mrd. kroner, 11,4 mrd. kroner til kommunane og 2,6 mrd. til fylkeskommunane, er ei ekstraordinær inntekt som følgje av tilpassinger til endra skattlegging av utbytte. Totalt 11,5 mrd. kroner av skatteauka er foreslått tilbakeført til staten. Trekket fordeler seg på 9,1 mrd. kroner i rammetilskotet til kommunane, og 2,4 mrd. kroner i rammetilskotet til fylkeskommunane. 

Trekket i rammetilskotet til kommunane skjer ved at 25 % blir fordelt etter innbyggjartal og 75 % blir fordelt etter anslått meirskatteinntekter frå utbytte etter inntektsutjamning. Dette vil gje ei omfordeling frå skattesterke til skattesvake kommunar. For fylkeskommunane vert heile beløpet trekt likt per innbyggjar. 

Dette betyr at kommunane får behalde anslagsvis 2,3 mrd. kroner av meirskatteveksten på 14 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får behalde 0,2 mrd. kroner.

Om det viser seg at einskilde kommunar går i tap som følgje av tilpassingene til den
ekstraordinære utbytteskatten, vil regjeringa sørgje for at dei vert kompenserte i etterkant.

Kommuneøkonomien for 2023


Vekst i frie inntekter
Det er lagt opp til vekst i frie inntekter på 1,8 – 2,3 mrd. kroner for kommunesektoren i 2023. Om lag 2/3 delar av veksten gjeld kommunane og 1/3 del av veksten gjeld fylkeskommunane. Det er ikkje varsla bindingar i denne veksten. Auka demografikostnader samla sett er 1,4 mrd. kroner.

Den ekstraordinære veksten i skatteinntekter som kommunane får behalde i 2022 er ei eingongsinntekt som ikkje vert ført vidare i budsjettopplegget for 2023.

Departementet har for 2023 ikkje gjort endringer i dei økonomiske føresetnadene for berekning av dei rekneskapsmessige pensjonskostnadene. Departementet vil opplyse nærare om dei økonomiske føresetnadene for berekning av pensjonskostnadene i rundskriv til alle kommunar og fylkeskommunar.

Gjennomgang av inntektssystemet
Inntektssystemutvalet leverer sin NOU innan 26. august 2022 og det vil bli ei høyring hausten 2022. Framlegg til nytt inntektssystem kjem i kommuneproposisjonen for 2024, våren 2023.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.