Rogaland sterkast på økonomisk handlingsrom – men fleire kommunar blinkar no raudt

Over halvparten av kommunane i landet har fått redusert det økonomiske handlingsrommet sitt i 2024, samanlikna med året før. Det viser ein fersk analyse frå KS. Rogaland kjem best ut på landsbasis, men det er store skilnader i økonomisk handlingsrom mellom kommunane i fylket.
10. juli 2025 la KS fram sin analyse av kommuneøkonomien for 2024 for alle landets kommunar. Ein må truleg tilbake om lag 40 år for å finne eit så svakt resultat som for 2024.
Kommunerekneskapa viste samla sett eit korrigert netto driftsresultat (inkludert netto bunde avsetningar i prosent av driftsinntektene) på minus 0,6 prosent. Netto driftsresultat er eit mål på kommunen sitt økonomiske handlingsrom, og ein viktig indikator på om kommunen er i økonomisk balanse. Teknisk berekningsutval (TBU) tilrår at netto driftsresultat bør liggje på 1,75 prosent eller meir over tid for å sikre sunn drift.
For både 2023 og 2024 har kommunesektoren i snitt lege under TBU si tilråding. KS peikar på fleire årsaker til det reduserte handlingsrommet:
- Store forventningar til levering av kommunale tenester
- Manglande tilgang på kompetent arbeidskraft
- Avgrensa lokale prioriteringar
- Høgt rentenivå kombinert med høg gjeld
- Midlertidig svikt i skatteinntektene
Kor mykje økonomisk handlingsrom har kommunane? KS-indeksen gjev eit svar
KS har utvikla ein indeks for å gje eit heilskapleg bilete av kommunane sitt økonomiske handlingsrom. Indeksen er basert på desse rekneskapstala:
- Netto driftsresultat etter netto bundne fondsavsetningar
- Netto lånegjeld trekt frå ubundne fondsavsetningar
- Disposisjonsfond inkludert samla meirforbruk i driftsrekneskapen som må dekkast inn seinare
Disposisjonsfond er overskot frå tidlegare år som kommunen kan nytte til å dekkje eit eventuelt meirforbruk i eit rekneskapsår.
Basert på desse tre indikatorane deler KS kommunane inn i tre kategoriar:
- Avgrensa økonomisk handlingsrom – indeks under 1: Raudt
- Moderat økonomisk handlingsrom – indeks mellom 1 og 2: Gult
- Større økonomisk handlingsrom – indeks over 2: Grønt
Meir om korleis KS reknar ut indeksen finn du i notatet med analyse av kommunane sitt handlingsrom (2024), som er lagt ved denne artikkelen.
Rogaland i raudt, gult og grønt
For 2024 gjorde kommunane i Rogaland det godt samla sett, med få raude og gule kommunar samanlikna med andre fylker. Samanlikna med 2023 har likevel talet på kommunar i Rogaland i raudt auka frå ein til fire kommunar.
Strand kommune var einaste raude kommune i 2023, med ein handlingsromindeks på 0,30. For 2024 har Strand, med ein indeks på -1,55, fått selskap i raud farge av Randaberg (-0,17), Haugesund (0,68) og Time kommune (0,79).
Talet på kommunar i gult har òg auka, frå fire til fem samanlikna med 2023. Stavanger og Sandnes, som låg i grønt for 2023, har for 2024 kome i gult, med høvesvis 1,63 og 1,78 på handlingsromindeksen. Gjesdal (1,40) og Karmøy (1,62) er òg i gult for 2024. Lund kommune (1,36) har vore i gult sidan 2023.
For 2024 har til saman 9 av 23 kommunar eit moderat eller avgrensa økonomisk handlingsrom (er i gult eller raudt). I 2023 var det 5 av 23 kommunar og i 2022 2 av 23 kommunar. Det er særleg dei store og mellomstore kommunane som har fått svekka økonomi for 2024.
Sjå gjerne på artiklane våre lagd ved om kommunane sitt økonomiske handlingsrom for 2022 og 2023.
Oversikt over økonomisk handlingsrom for kommunene i Rogaland
Kommune |
Netto driftsresultat inkl. netto bundne avsetninger i prosent av driftsinntekter |
Netto lånegjeld korrigert for ubundne investeringsfond i prosent av driftsinntekter |
Disposisjonsfond inkl. rekneskapsmessig meir/mindreforbruk i prosent av driftsinntekter |
Handlingsrom indeks |
STRAND |
-4,8 |
110,1 |
3,2 |
-1,55 |
RANDABERG |
-1,7 |
96,4 |
4,3 |
-0,17 |
HAUGESUND |
-0,8 |
82,8 |
7,2 |
0,68 |
TIME |
-0,8 |
84,8 |
8,5 |
0,79 |
LUND |
-0,6 |
58,5 |
9,1 |
1,36 |
GJESDAL |
-0,5 |
76,2 |
11,8 |
1,40 |
KARMØY |
-0,9 |
63,2 |
13,0 |
1,62 |
STAVANGER |
-0,2 |
70,0 |
12,0 |
1,63 |
SANDNES |
0,2 |
73,0 |
12,6 |
1,78 |
EIGERSUND |
0,5 |
91,1 |
18,4 |
2,22 |
SULDAL |
2,1 |
59,3 |
11,8 |
2,55 |
KLEPP |
3,0 |
72,1 |
20,0 |
3,55 |
SOKNDAL |
1,5 |
54,8 |
23,5 |
3,73 |
HÅ |
2,8 |
67,0 |
22,6 |
3,86 |
BJERKREIM |
6,0 |
20,5 |
7,2 |
3,99 |
BOKN |
2,0 |
65,6 |
31,6 |
4,61 |
SOLA |
5,6 |
51,3 |
25,3 |
5,35 |
TYSVÆR |
7,5 |
88,7 |
30,2 |
5,91 |
HJELMELAND |
9,5 |
71,6 |
32,4 |
7,10 |
UTSIRA |
8,6 |
44,2 |
41,9 |
8,31 |
SAUDA |
11,4 |
65,2 |
44,8 |
9,22 |
VINDAFJORD |
13,7 |
57,2 |
47,1 |
10,37 |
KVITSØY |
18,2 |
25,7 |
57,0 |
13,50 |
Kontaktpersonar
Lenkjer
