Betre økonomisk resultat i kommunane i 2012
Driftsresultata i kommunane i fylket var betre enn året før og betre enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2012.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Førebels KOSTRA-tal for kommunal økonomi og tenesteproduksjon for 2012 blei publisert av Statistisk Sentralbyrå 15. mars. Alle kommunar i fylket har rapportert, medan det manglar data for 38 kommunar på landsbasis.
Netto driftsresultat, som er eit uttrykk for den økonomiske handlefridomen, utgjer 2,8 % av driftsinntektene mot 2,4 % for 2011 og 1,4 % for 2010. For landet utanom Oslo utgjorde driftsresultatet 2,4 % i 2012 mot 1,8 % i 2011, slik at kommunane i fylket samla ligg betre an enn landet i 2012. Iallfall noko av forklaringa kan liggja i at fylket hadde betre skatteutvikling enn landet i 2012 (meir om dette her).
10 kommunar av 26 hadde betre resultat enn 3 % som er rekna som eit krav til sunn kommuneøkonomi. 14 kommunar hadde betre resultat enn i 2011. Best resultat hadde Hå, svakast Hjelmeland. Nedanfor er kommunane rangert etter driftsresultat i 2012.
Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter
| 
 
  | 
 2012  | 
 2011  | 
| 
 
  | 
 
  | 
 
  | 
| 
 Hå  | 
 8,1  | 
 7,3  | 
| 
 Vindafjord  | 
 5,6  | 
 5,6  | 
| 
 Sola  | 
 5,2  | 
 3,3  | 
| 
 Gjesdal  | 
 5,0  | 
 3,7  | 
| 
 Finnøy  | 
 4,0  | 
 2,5  | 
| 
 Utsira  | 
 4,0  | 
 6,5  | 
| 
 Stavanger  | 
 3,1  | 
 3,3  | 
| 
 Strand  | 
 3,0  | 
 1,5  | 
| 
 Kvitsøy  | 
 3,0  | 
 1,3  | 
| 
 Tysvær  | 
 3,0  | 
 2,9  | 
| 
 Sandnes  | 
 2,9  | 
 1,8  | 
| 
 Randaberg  | 
 2,9  | 
 3,4  | 
| 
 Suldal  | 
 2,9  | 
 10,3  | 
| 
 Bjerkreim  | 
 2,8  | 
 3,9  | 
| 
 Rogaland  | 
 2,8  | 
 2,4  | 
| 
 Landet u. Oslo  | 
 2,6  | 
 1,8  | 
| 
 Karmøy  | 
 2,1  | 
 -2,4  | 
| 
 Eigersund  | 
 2,0  | 
 2,2  | 
| 
 Rennesøy  | 
 2,0  | 
 -0,5  | 
| 
 Klepp  | 
 1,6  | 
 4,3  | 
| 
 Sokndal  | 
 1,4  | 
 -2,1  | 
| 
 Lund  | 
 1,2  | 
 -0,4  | 
| 
 Sauda  | 
 0,6  | 
 2,7  | 
| 
 Time  | 
 0,4  | 
 1,9  | 
| 
 Bokn  | 
 0,3  | 
 3,4  | 
| 
 Haugesund  | 
 0,0  | 
 0,9  | 
| 
 Forsand  | 
 -1,4  | 
 -9,5  | 
| 
 Hjelmeland  | 
 -2,6  | 
 -3,6  | 
Merk at det ikkje er nytta konserntal her, dvs at kommunale føretak og interkommunale selskap (IKS) ikkje er med.