Lukka møte kan gjennomførast som fjernmøte

På grunn av pandemien opnar Kommunal- og moderniseringsdeptartementet for at lukka møta kan gjennomførast digitalt.
På grunn av pandemien opnar Kommunal- og moderniseringsdeptartementet for at lukka møta kan gjennomførast digitalt. Foto: Microsoft.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har opnar nå for at lukka møte i kommunar og fylkeskommunar kan gjennomførast som fjernmøte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2021

Normalordninga i kommunelova er at møte som lova bestemmer skal gå for lukka dører, ikkje kan gjennomførast som fjernmøte. Det har tidlegare under pandemien blitt innført unntak for dette. Den sist gjeldande unntaksregelen blei oppheva 1. desember 2021. Det er derfor behov for nytt unntak.

Gjeld til 1. mai 2022

Departementet har derfor fastsett ein forskrift som gir eit midlertidig unntak frå lova, slik at også møte som må haldast for lukka dører kan gjennomførast som fjernmøte. 

Dette lettar gjennomføringa av fjernmøte i kommunar og fylkeskommunar, og legg til rette for at møte i folkevalde organ kan gjennomførast på ein trygg måte.

Forskrifta trer i kraft med ein gong – og varer til 1. mai 2022. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.