Kven kan ikkje veljast som folkevalde til råd og utval?

Det er ikkje alle som kan veljast til å sitte i dei ulike kommunale organa som folkevald, og alle som skal veljast må gje eit skriftleg samtykke. 

Det pågår i desse dagar eit arbeid i kommunane med å avklare kven som skal ta plass i kommunale råd, utval, styrer m.m. Dei nyvalde politikarane i kommunestyret tek mange av desse plassane, men det må fleire til enn dei. Arbeidet skal i hovudsak vere klart til det konstituerande møtet i kommunestyret i oktober.

Publisert 27.09.2023

Før sommaren kom det ein ny rettleiar om konstituerande møte i kommunar og fylkeskommunar. Rettleiaren omtalar mellom anna kva som skal til for å vere valbar og kven som ikkje kan veljast til råd, utval, styrer m.m. 

For å vere valbar må ein oppfylle desse vilkåra:

  • ha røysterett ved val til kommunestyre
  • stå i folkeregisteret som busett i vedkomande kommune
  • har gjeve skriftleg samtykke

Rettleiar om konstituerande møte i kommunar og fylkeskommunar finn du her. Sjå i kapittel 6. 

Skriftleg samtykke for å vere valbar
Lovkravet om at personar må gjeve skriftleg samtykke for å vere valbare er ikkje så kjend ute i kommunane. Samtykke skal gjelde for alle dei ulike vala som skal gjerast til råd, utval, styrer m.m. i samband med konstitueringa eller i tida fram til årsskiftet. Det er berre unnatak for formannskapet.

Det er ikkje tilstrekkeleg at personen har sagt ja til å stå som kandidat på ei partiliste til sjølve kommunevalet.

Utover at samtykke må vere skriftleg og ligg føre før valet, er det ikkje andre krav til eit slikt samtykke. Kandidaten kan gje samtykke på til dømes SMS eller i e-post. Kommunen må som hovudregel journalføre dei skriftlege samtykka som sendast til kommunen. Sjå ei tolkingsutale frå departementet som svar på eit spørsmål om journalføring av samtykke til å stille til val her.

Personar som ikkje kan veljast
Ved val av råd, utval styrer m.m. i kommunar som er nemnt i kommunelova § 7-2 første ledd, slår § 7-3 første ledd fast at følgjande personar ikkje kan veljast:

  • statsforvaltaren og assisterande statsforvaltar
  • kommunedirektøren i kommunen og hans eller hennar
    avløysar
  • kommunalsjefar, etatssjefar og leiarar på tilsvarande nivå
  • sekretæren for kommunestyret
  • den som er ansvarleg for rekneskapsfunksjonen i kommunen
  • dei som utfører revisjon for kommunen
  • tilsette i sekretariatet som utfører tenester for kontrollutvalet i
    kommunen
  • tilsette i sekretariatet til kommunerådet som har fått delegert myndigheit frå rådet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.