Tildeling av prosjektskjøn og restskjøn 2009

Fylkesmannen har fordelt siste del av skjønsmidla for 2009 - kr 2 058 000 til kommunane Sandnes, Haugesund, Time, Gjesdal, Randaberg, Strand, Rennesøy og Vindafjord. Det aller meste går til konkrete fornyingsprosjekt. Fleire av prosjekta er samarbeidstiltak slik at tildelinga femner vidare enn dei nemnde kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2009

Informasjon om omsorgstenester (kvalitetskommune)Midla er fordelt etter søknader frå kommunane. Følgjande kommunale prosjekt for omstilling og fornying er tildelt midlar:

Kommune Prosjekt Tilskot Samarbeid med
Sandnes Interkommunal kommunedelplan "Bybånd sør" 200 000 Klepp, Time
Haugesund "Klare" – et interkommunalt autismeprosjekt 180 000 Tysvær, Karmøy, Suldal, Vindafjord, Sveio
Haugesund Kvalitetsutvikling PU (kvalitetskommune) 228 000  
Time Samordna bibliotektenester 150 000 Klepp, Sola
Gjesdal  Informasjon om omsorgstenester (kvalitetskommune) 100 000  
Randaberg Kvalitets- og effektivitetsforbedre helse/omsorg EPJsystem 150 000 Sola, Rennesøy, Gjesdal, Kvitsøy
Strand Kvalitetsutvikling av tenestetilbodet (kvalitetskommune) 400 000  
Rennesøy Samarbeidsprosjekt barnevern 250 000 Finnøy
Sum   1658000  

Vidare er Vindafjord kommune tildelt kr 400 000 særleg pga. spesielle utfordringar knytt til ressurskrevjande tenester som ikkje blir kompensert elles.

I dei fleste prosjekta er det ein kommune som søkjer på vegne av fleire. Nedanfor følgjer ein kort omtale av prosjekta som får støtte.

Sandnes kommune får kr 200 000 til arbeidet med interkommunal kommunedelplan "Bybåndet sør".Prosjektet er eit samarbeid med kommunane Klepp og Time. Planarbeidet vil truleg vera den første bruken av dei nye reglane for "interkommunalt plansamarbeid" jf ny plan- og bygningslov kap. 9, §9-1 til §9-7. Dette vil då vera eit fornyingsarbeid som kan gi viktig læring til andre kommunar.

Haugesund kommune får kr 180 000 til "Klare", eit interkommunalt autismeprosjekt. Gjennom metodeutvikling skal ein skapa betre livskvalitet for brukarar/elevar med omfattande tenestebehov.Prosjektet er både eit rettleiings- og eit forskingsprosjekt.Gjennomføring bygger på samarbeidsavtaler med 5 kommunar, seksjon Rehabilitering Helse Fonna og Rikshospitalet, Autisme-enheten.

Haugesund får også kr 228 000 til "Kvalitetsutvikling innen PU" som er ein del av kvalitetskommuneprogrammet der Haugesund er deltakarkommune. Kommunen søkjer om midlar til eit kompetansehevingsprogram og til utdanning av ein Marte-Meo-terapeut.

Time kommune får kr 150 000 eit prosjekt for å samordna publikumstenester, samlingsutvikling og medieflyt for biblioteka i kommunane Time, Klepp og Sola. Målet er at dei tre folkebiblioteka skal kunna fungera som eitt bibliotek når det gjeld publikumstenester som utlån, innlevering, lånarregistrering og nett-tenester.

Gjesdal kommune får kr 100 000 til deltaking i Kvalitetskommuneprogrammet, nærare bestemt fokusområdet: "informasjon om omsorgstjenestene til befolkninga", forbetring av informasjonen, gjera den meir tilgjengeleg og forståeleg.

Randaberg kommune får kr 150 000 til "prosjekt for å kvalitets- og effektivitetsforbedre helse og omsorgstjenestene ved bruk av EPJ-system for kommunene". Prosjektet tar sikte på å systematisera samarbeidet med Sola, Rennesøy, Gjesdal og Kvitsøy om bruk og utvikling av programmet Gerica som kommunane nyttar som EPJ-system for å få best mogleg lokalverdi.

Strand kommune får kr 400 000 til kvalitetsutvikling av det samla tenestetilbodet i kommunen. Kommunen er med i Kvalitetskommuneprogrammet. Prosjektet har som mål å setja fokus på kommunen sit omdøme som leverandør av gode tenester.

Rennesøy kommune får kr 250 000 til eit samarbeidsprosjekt med Finnøy innan barnevern med fokus på utvikling, etablering og drift av felles tenester innanfor barnevern. Måla for samarbeidsprosjektet er å vera mindre sårbar ved fråver, auka den faglege kompetansen, styrka rettstryggleik og utvikla betre teknologiske og systembaserte verktøy.

For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom spreiing av kunnskap. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.

Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KRD sine nettsider, under Kommune- og fylkesforvaltning/ Kommuneøkonomi/ løpende inntektsutjevning og utbetaling av rammetilskudd.

Kontaktpersonar i kommunane for prosjekt (basert på søknadene):

  • Sandnes: Marco Zanussi
  • Haugesund (1): Marit E. Ness
  • Haugesund (2): Lene Jørgensen
  • Time: Vidar Lund
  • Gjesdal: Svein Arne Lindø
  • Randaberg: Berit Immerstein
  • Strand Terje Ersland
  • Rennesøy : Knut Underbakke

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.