Tildeling av prosjektskjøn og restskjøn 2008

Fylkesmannen har tildelt siste del av skjønsmidlane for 2008 – kr 2 683 000 - til kommunane Sandnes, Stavanger, Haugesund, Sokndal, Suldal, Finnøy og Karmøy. Storparten går til konkrete fornyingsprosjekt med deltaking av andre kommunar slik at tildelinga femner vidare enn dei nemnde kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.07.2008

Midla er fordelt etter søknader frå kommunane. Følgjande kommunale prosjekt for omstilling og fornying er tildelt midlar:

Kommune Prosjekt Tilskot Samarbeid med
Sandnes IKT-prosjektet "eJæren 24-7" 992 000 Gjesdal, Klepp, Time
Stavanger familievaldsprosjektet ved barnevernvakta 350 000 Sola, Randaberg, Rennesøy
Haugesund "Klare" – et interkommunalt autismeprosjekt  41 000 Tysvær, Karmøy, Suldal, Vindafjord, Sveio
Suldal Digitale kommuneplanar i Rogaland 200 000 Tysvær
Karmøy Kvalitet og kvalitetsledelse i omsorgstjenestene  400 000  
 Sum   1983000  

Vidare er Finnøy kommune tildelt kr 500 000 på bakgrunn av ein vanskeleg økonomisk situasjon. Kommunen har vedtatt innføring av eigedomsskatt og har dermed ein plan for å retta opp den økonomiske ubalansen, men pga. eingongskostnader ved innføring blir effekten redusert i år. Sokndal kommune er tildelt kr 200 000 til gjennomføring av pålagde tiltak i samband med fjerning av PCB i år. Også Sokndal kommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Tidlegare er tildelt 52,3 mill kr ved hovudtildelinga i fjor haust og 10,2 mill kr til kommunar med ekstrautgifter pga. språkdelingsklassar.

Nedanfor følgjer ein kort omtale av prosjekta som får støtte.

Sandnes kommune får kr 992 000 til IKT-prosjektet "eJæren 24- 7". Prosjektet er eit samarbeid med kommunane, Klepp, Time og Gjesdal. Prosjektet fekk også midlar i 2007. Målet er nå for det første å vidareutvikla løysinga for elektroniske skjermdialogar ved å gjera dei meir brukarvenlege og betring av tryggleik og interne arbeidsprosessar, for det andre betra kommunikasjonen mellom innbyggjarar, politikarar og administrasjonen ved å ta i bruk fleire elektroniske kommunikasjonskanalar. Det er ein føresetnad frå vår side at andre kommunar i fylket skal ha tilgang på kompetansen som blir skapt m.o.t. utvikling av nettløysingar, det er av denne grunn vi har valt å nytta så stor del av ramma på dette prosjektet.

Stavanger kommune får kr 350 000 til 3. og siste året for prosjektet "Familievold". Prosjektet er ei prøveordning der ein på ein betre måte vil sikra at barn som er ramma av vold, eller er vitne til vold, får tilbod om hjelp utover den akutte situasjonen. Prosjektet blir leia av Barnevernvakta, som er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stavanger, Sola, Randaberg og Rennesøy. Barnevernsvakta held til på Stavanger Politistasjon. Prosjektet blei også støtta i 2006 og 2007.

Haugesund kommune får kr 41 000 til "Klare" eit interkommunalt autismeprosjekt. Gjennom metodeutvikling skal ein skapa betre livskvalitet for brukarar/elevar med omfattande tenestebehov.

Suldal kommune får saman med Tysvær kommune kr 200 000 til prosjektet "Digitale kommuneplanar i Rogaland". Dette er eit fylkesdekkande prosjekt som skal syta for at digitale kommuneplanar følgjer SOSI-standarden for heile fylket. Kommuneplanane skal publiserast for saksbehandlarar og publikum på internett. Alle kommunane vil dra nytte av dette.

Karmøy kommune får kr 400 000 til prosjektet "Kvalitet og kvalitetsledelse i omsorgs-tjenestene". Det skal m.a. leggjast vekt på medverknad frå brukarane og dei tilsette, tenesteutvikling for å møta krav stilt av brukarar og styresmakter, kartlegging og styring av prosessar og forankring av kvalitetsarbeidet i linja. Kommunen vil søkja om opptak i Kvalitetskommuneprogrammet med pleie- og omsorgstenestene som innsatsområde.

Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan 15. februar 2009 om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom spreiing av kunnskap.

Midla vil bli utbetalt som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane, truleg termin 8 for september. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KRD sine nettsider, under Kommune- og fylkesforvaltning/ Kommuneøkonomi/ løpende inntektsutjevning og utbetaling av rammetilskudd.

Kontaktpersonar prosjekt (basert på søknadene):

  • Sandnes: Wenche S. Eris
  • Stavanger: Gunnar Toresen
  • Haugesund: Per Froestad
  • Suldal: Hilde Bergjord
  • Karmøy: Reidar Bråtveit

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.