Ressursar og verktøy i arbeid med demens

Helsedirektoratet har lansert fleire ressursar og verktøy for allmennlegar, tilsette i helse- og omsorgstenestene og pårørande til personar med demens.

Publisert 22.01.2024

Helsedirektoratet har lansert nye verktøy og ressursar som ein del av arbeidet med Demensplan 2025. Helsedirektoratet har også starta ein informasjonskampanje om demens. Dei har utarbeidd to informasjonsskriv, eitt til fastlegar, og eitt til tilsette i helse- og omsorgspersonell. Desse ligg under «Dokument» på høgre side. For befolkninga gjeld temasida om demens på: Helsenorge.no.

Her er litt om dei nye verktøya:

E-læring i basal demensutredning

Kurset er ei grunnleggjande innføring i basal demensutgreiing, som kan vere nyttig for legar og andre profesjonar, både i spesialisthelsetenesta, i hukommelsesteam i kommunen og liknande. Kurset er utvikla i samarbeid med mellom anna Norsk forening for Allmennmedisin og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Legeforeningen har godkjent kurset som ein del av spesialistutdanninga for allmennlegar, og er basert på føringar i Nasjonal faglig retningslinje for demens. E-læringa blir publisert både i Legeforeningens kurskatalog og på nettsida til Nasjonalt senter for aldring og helse.

E-læring for pårørande til personar med demens.

E-læringskurset og eit fysisk hefte gir informasjon, råd og støtte til pårørande til personar med demens. E-læringa kan vere eit nyttig ressurs å vidareformidle til pårørande som ein del av oppfølginga etter diagnose. Nasjonaleforeningen for folkehelsen har bidratt i arbeidet.  E-læringa ligg på nettsida til Aldring og helse, og på Helsenorge.no/demens

Verktøykasse demens

Verktøykassa gir ei samla oversikt over dei mest relevante verktøya for alle som jobbar med demens i helse- og omsorgstenesta. Her finst mellom anna nye e-læringar om personsentrert omsorg og miljøbehandling for personar med demens. Verktøykasse demens finn du på heimesida til Aldring og helse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.