Ny rettleiar om korleis kommunar kan måle effekt og resultat av lokale tiltak i Leve hele livet- reforma

Det er utarbeida rettleiar som  forklarer om prosessen i å følgje med på, og følgje opp resultat og effekt av lokale tiltak. Materiellet skal vera til inspirasjon. Det er Statsforvaltaren i Trøndelag som har utarbeida materiellet etter oppdrag frå Helsedirektoratet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.08.2022

Med Leve hele livet-reforma ønskjer ein å skape eit aldersvenleg samfunn og finne innovative løysingar innan områda aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp og samanheng i tenestene.

Ved å bruke rettleiingsmateriellet kan ein følgje med på resultat og effekt av tiltaka. Ein vil finne ut om det er behov for justeringar og setje inn andre tiltak.

 

Rettleiaren finn du på Ressursportal.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.