Nav kan ikkje gi rekvisisjon på grunnlag av rabbatordningar

Fylkesmannen har motteke klager på at Nav har gitt stønad i form av rekvisisjon til kjøp av varer i bestemte forretningar, fordi Nav-kontoret har rabattavtaler med desse. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2016

Fylkesmannen vil påpeike at hovudregelen er at stønad skal gis i form av bidrag. Stønad i form av varer, tenester eller rekvisisjon inneber at ein røper at tenestemottakar har eit forhold til Nav og dette kan opplevast som stigmatiserande.

Det følgjer av lov om sosiale tjenester i Nav (sosialtenestelova) § 21 at stønaden kan gis i form av varer og tenester,  «hvis det på grunn av særlige forhold må antas at stønadsmottakeren ikke vil bruke stønaden i samsvar med vilkår som er fastsatt etter § 20.»

I rundskriv Hovudnr. 35 uttaler Arbeids- og velferdsdirektoratet: «Økonomisk stønad i form av varer og tjenester kan bare benyttes der Nav-kontoret etter en konkret, individuell vurdering kommer til at tjenestemottaker ikke vil bruke stønaden i henhold til forutsetningene eller i samsvar med vilkår etter § 20. Nav-kontoret må ha konkrete holdepunkter for å anta at tjenestemottaker ikke vil bruke stønaden i henhold til vilkårene som er satt. Dette kan for eksempel være fordi tjenestemottaker tidligere har brutt vilkårene.» 

Nav kan såleis ikkje gi rekvisisjon på grunn av rabattordningar. Dette vil vere i strid med sosialtenestelova § 21.

Sjølv om vilkåra i § 21 ikkje føreligg kan ein gi rekvisisjon dersom tenestemottakar samtykkjer til det. Det må vere eit informert samtykkje og søkjar må informerast om at dette er ei frivillig ordning. Viss det ikkje føreligg samtykkje, kan ein berre gi rekvisisjon på dei vilkåra som følgjer av sosialtenestelova § 21.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.