Barnefattigdomen aukar viser ny rapport frå Arbeids- og velferdsdirektoratet

Einslege forsørgjarar, barnerike familiar med innvandrarbakgrunn og mottakarar av sosialhjelp er overrepresentert blant låginntektsgruppene. Barn og unge som lever med vedvarande låginntekt vil ofte vere forhindra frå å delta på ulike arenaer som er viktige for læring, sosialisering og språkutvikling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2015

Det er vidare urovekkjande når ein ser på enkeltgrupper kor det er registrert ein aukande del med låginntekt blant unge og unge vaksne. Mogelege forklaringar på dette kan vere psykiske lidingar og fråfall i vidaregåande skule.

Mange kommunar arbeidar godt med desse utfordringane. Riksrevisjonen si undersøking av barnefattigdom (juni 2014) viste imidlertid at innsatsen for å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge ikkje var godt nok koordinert.

Desse rapportane kan vere nyttige grunnlagsdokument i kommunane sitt arbeid med å styrkje innsatsen for å bekjempa barnefattigdom.

 Les meir i vedlagte rapportar

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.