Over 400 nye statsborgarar skal feirast
Dei nye statsborgarne i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 11. juni. Dei kjem frå 19 rogalandskommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er Statsforvaltaren i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.
Ein festdag
Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Statsforvaltar Bent Høie leiar seremonien. Stortingsrepresentant Tina Bru er årets hovudtalar.
19 kommunar i Rogaland er representerte i år
Dei over 400 festklare statsborgarane bur i 19 kommunar i Rogaland. Med venner og familie blir det rundt 1000 festdeltakarar i Kuppelhallen.
Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar deltek og.
Tid/stad
Laurdag 11. juni 2022 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.
Slik fordeler dei nye statsborgarane seg på dei 19 kommunane
|
KOMMUNE |
Antall |
|
Bjerkreim |
1 |
|
Eigersund |
6 |
|
Gjesdal |
4 |
|
Haugesund |
18 |
|
Hjelmeland |
1 |
|
Hå |
9 |
|
Karmøy |
15 |
|
Klepp |
11 |
|
Randaberg |
6 |
|
Sandnes |
90 |
|
Sauda |
3 |
|
Sokndal |
1 |
|
Sola |
30 |
|
Stavanger |
188 |
|
Strand |
13 |
|
Time |
8 |
|
Tysvær |
3 |
|
Utsira |
1 |
|
Vindafjord |
5 |
Kontaktpersonar
Billettinformasjon
Alle som har meldt seg på arrangementet får utdelt billettane sine i Kuppelhallen.
Anna informasjon
Det blir delt ut mat i foajeen når seremonien er over. Dette er matpakkar som ein skal ta med seg. Det blir ikkje høve til å setta seg ned for å eta i Kuppelhallen.