Har pandemien ført til fleire skilsmisser i Rogaland?

Det korte svaret på det er nei. Når me ser på statistikken er tala på både skilsmisser og separasjonar stabile i Rogaland dei siste fem åra. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2022

Statsforvaltaren i Rogaland får jamleg spørsmål om pandemien me har stått i i snart to år, har ført til at fleire søker separasjon og skilsmisse.

Frykta skilsmisse-boom

Det er ikkje så rart. Våren 2020, kort tid etter nedstenginga, var det samlivsekspertar som spådde ein skilsmisse-boom. Heimekontor og heimeskule var den nye normalen for mange.

Stabile tal 2017–2021

Nå kan det sjølvsagt ikkje utelukkast at dette har vore ein krevjande situasjon for mange par. Men nokon skilsmisse-boom har det ikkje ført til i Rogaland i alle fall. 

Samanliknar me tala frå 2021 og 2020 ser me faktisk ein liten nedgang. Statsforvalteren i Rogaland ga 31 færre skilsmisseløyve i 2021 samanlikna med 2020. Talet på separasjonar gjekk ned med 57 i 2021 samanlikna med 2020.

  2021 2020 2019 2018 2017
Separasjonsløyve 966 1023 939 977 1106
Skilsmisseløyve 859 890 828 981 879

 

Her er dei same tala grafisk framstilte:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.