Presseinvitasjon: Kongeparet besøker Rogaland 28.–30. mai

Bildet viser det norske Kongeparet ved havet. Kongeskipet ligger i bakgrrunnen.
Kongeparet skal besøka tre rogalandskommunar i mai. Foto: Liv Anette Luane / Det kongelige hoff.

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga legg ut på ny fylkestur i mai 2024. I Rogaland går turen til Lund, Randaberg og Vindafjord.

Publisert 26.04.2024

Dette er ikkje tilfeldig. Lund, Randaberg og Vindafjord er dei tre kommunane i Rogaland som Kongeparet ennå ikkje har vore på offisielt besøk i.

Fylkesturen til Kongeparet startar i Agder søndag 26. mai. Tysdag 28. mai passerer dei kongelege fylkesgrensa til Rogaland – og her skal dei vera i tre dagar. Kongeskipet Norge blir brukt under heile fylkesturen.

Rogaland er landets fjerde største fylke

Rogaland er eit av dei minste fylka i areal, men det er landets fjerde største målt etter folketal. I 2024 blei rogalending nummer 500 000 fødd.

Fylket har store landskapsvariasjonar. Folk har tatt i bruk landskapet gjennom fleire tusen år, og ein kombinasjon av natur- og kulturlandskap pregar Rogaland.

Kongeparet skal få oppleva tre ulike regionar; Dalane (Lund kommune), Nord-Jæren (Randaberg) og Haugalandet (Vindafjord). 

Rogaland er inndelt i 23 kommunar. Stavanger er administrasjonssenteret og er hovudsetet for både Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland. Fylkesordførar er Ole Ueland (H). Bent Høie er statsforvaltar.

28. mai i Lund kommune

Lund kommune i Dalane er kjent som ein industrikommune med produksjon av alt frå tresko, bjøller, gyngestolar og vindauge. Den største bedrifta er NorDan. I tillegg er det ei aktiv landbruksnæring i kommunen. Kommunen ligg sør i Rogaland, midtvegs mellom Kristiansand og Stavanger. Lund har litt over 3 100 innbyggarar. Ein stor del av dei bur i den einaste tettstaden i kommunen, administrasjonssenteret Moi.

I Lund blir Moi stadion ramme for besøket. Kongeparet kjem kl. 11.30. 

29. mai i Randaberg kommune

Randaberg er Noregs minste landkommune. Kommunen er kjent som ein viktig jordbrukskommune. Randaberg ligg som Jærens nordre spiss, med Stavanger som næraste nabo. Randaberg har i underkant av 12 000 innbyggarar.

I Randaberg går Kongeparet i land i Goavika kl. 11.00. Turen først til Vår Energi Arena Randaberg (kort besøk), deretter til Torget og hovudarrangementet i sentrum av Randaberg kl. 11.30. 

30. mai i Vindafjord kommune

Vindafjord ligg på halvøya Haugalandet, nord i Rogaland fylke. Kommunen grensar i sørvest mot Tysvær, i søraust mot Suldal – og i aust mot Etne i Vestland fylke. Vindafjord kommune har om lag 9 000 innbyggarar. Kommunen har eit svært samansett næringsliv, hovudsakeleg basert på industri, teknologi, landbruk og tenesteytande næring.

I Vindafjord går Kongeparet i land kl. 11.00 i Ølen sentrum.

Detaljprogrammet for besøket i dei tre kommunane er framleis under arbeid.

Akkreditering innan 22. mai 2024

Presse som ønskjer å dekkja heile eller delar av fylkesbesøket til Kongeparet i Rogaland, søker akkreditering her innan 22. mai 2024 kl. 16.00.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.