Saksbehandlingstid i saker om individuell tilrettelegging i skolen

Dokument mapper
Foto: Menno Hoekstra.

Sivilombodet har behandla tre saker som gjeld spesialundervisning i 2023 og 2024, og har bede Statsforvaltaren informere kommunane om desse sakene.

Publisert 28.11.2025

Sivilombodet har vore særleg opptatt av saksbehandlingstida, då lang saksbehandlingstid kan få store konsekvensar for den enkelte elev. Tilsvarande gjeld for vedtak om individuell tilrettelegging etter ny opplæringslov, og vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova.

Krav til framdrift – ved vidare behov etter avslutta vedtaksperiode

I fråsegna av 22. september 2023 (SOM-2023-2014) viste Sivilombodet til at saker om spesialundervisning etter sin art krev rask saksbehandling, slik at eksisterande spesialundervisningstilbod ikkje blir stansa på grunn av lang saksbehandlingstid. Ettersom behandlingstida ofte vil gå parallelt med skuleåret, vil lang behandlingstid føre til tap av rettar for elevar som har krav på spesialundervisning. I den konkrete saka, gjekk eleven sitt vedtak om spesialundervisning ut i juni 2022. Då kommunen gjorde nytt vedtak juni 2023, hadde eleven i realiteten stått utan eit oppdatert vedtak om spesialundervisning i eit heilt skuleår. Ombodet kom til at kommunen ikkje hadde behandla saka i tråd med forvaltningslova § 11a, som seier at saker skal førebuast og avgjerast utan ugrunna opphald. Sjå Sivilombodet sine nettsider:

Nytt vedtak etter Statsforvaltaren si oppheving av påklaga vedtak

Sivilombodet si fråsegn 14. februar 2024 (SOM-2023-4868) gjeld behandlingstida i ei sak om spesialundervisning etter at Statsforvaltaren hadde oppheva kommunen sitt vedtak, etter ein klage. Kommunen brukte over seks månader på å gjere nytt vedtak i saka. Behandlingstida var etter ombodet sitt syn ikkje i tråd med kravet i forvaltningslova § 11a. Ombodet understreka at kommunen har ei særleg oppmoding om å prioritere å gjere nytt vedtak raskt i denne sakstypen, når eit vedtak blir oppheva etter klage. Fråsegna er publisert på Sivilombodet sine nettsider: 

Saksbehandlingstid for sakkunnig vurdering

Fråsegna av 20. mars 2024 (SOM-2023-5666) gjeld behandlingstida ved pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Ombodet konkluderte med at ei ventetid på eitt år frå tilvising til oppstart av PPT sitt arbeid med sakkunnig vurdering, var uforsvarleg lang og i strid med forvaltningslova. Ombodet peika på at lange opphald i saksbehandlinga på grunn av manglande ressursar, er å sjå som ugrunna opphald etter forvaltningslova § 11a første ledd. Kommunen må innrette tenestene på ein slik måte at det er mogleg å oppfylle elevane sine rettar etter opplæringslova. Kommunen vart beden om å vurdere mellombelse tiltak for å bøte på den lange saksbehandlingstida. Ombodet ber også om tilbakemelding frå kommunen på om iverksette tiltak for å få ned saksbehandlingstida har ønskt effekt. Sjå Sivilombodet sine nettsider: 

Internkontroll som sikrar saksbehandlingstid i tråd med lova

PPT må ta stilling til om ein elev treng individuelt tilrettelagd opplæring utan ugrunna opphald, når PPT blir bede om det. Dette følg av forvaltningslova § 11a. PPT kan ikkje bruke lang tid på saksbehandling. Økonomiske og kapasitetsmessige årsaker er ikkje ein gyldig grunn for at det tar lang til å utarbeida ei sakkunnig vurdering.

Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvar for at PPT har kapasitet og ressursar nok til å kunne utarbeide sakkunnig vurdering i samsvar med regelverket. Kommune og fylkeskommune må ha internkontroll etter kommunelova § 25-1, som sikrar regeletterleving. Meir informasjon her:

Statsforvaltaren planlegg å føre tilsyn med saksbehandlingstida i PPT i nokre kommunar i 2026.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.