Kva gjer PPT?
PPT står for pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste. PPT skal hjelpe slik at alle har eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. Kvar kommune og fylkeskommunen skal ha ei slik teneste. PPT sitt mandat er heimla i opplæringslova § 11-13, barnehagelova § 33 og privatskolelova § 3-6.
Kven skal PPT hjelpe?
- Barn
- Elevar
- Lærlingar
- Praksisbrevkandidatar
- Vaksne med behov for særskild tilrettelegging
Særskilte behov
Dei som treng hjelp frå PPT er ikkje ei eins gruppe. Det er ikkje naudsynt med ein diagnose. Det kan til dømes vere
- Språk- og talevanskar
- Konsentrasjonsvanskar
- Sosiale- og emosjonelle vanskar
- Åtferdsvanskar
- Syn- eller vanskar med høyrsel
- Generelle lærevanskar eller fagvanskar
- Lese- og skrivevanskar
- Matematikkvanskar
- Nonverbale lærevanskar
PPT skal sikre at barn/elev får uttale seg om forhold som gjeld dei, jf. Barnekonvensjonen artikkel 12. PPT må gjere ei barnets-beste-vurdering jf. Barnekonvensjonen artikkel 3 og elles handle i samsvar med Norges menneskerettslege plikter til dømes etter Konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne CRPD.
System- og individretta arbeidsoppgåver
Alle barn og elvar har krav på eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. PP-tenesta jobbar både førebyggjande og med tidleg innsats. I tillegg til å skrive sakkunnige vurderingar for einskildpersonar, skal PPT hjelpe barnehagar og skolar med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Dette skal bidra til å auke kompetansen i barnehagane og skolane, slik at dei betre kan tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter forutsetningane til alle barn og elevar.
Kommunen eller fylkeskommunen melder behov til PPT
Gjeld meldinga til PP-tenesta behov for vurdering av rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, eller rett til individuelt tilrettelagt opplæring (ITO) i skolen, er det kommunen/eigar eller fylkeskommunen (i praksis barnehagen eller skolen), som sender melding til PP-tenesta. Elev/føresette må samtykke til meldinga.
Føresette/elev kan sjølv be kommunen/fylkeskommunen fatte vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, eller ITO i skolen. Kommunen/fylkeskommunen må då hente inn ei sakkunnig vurdering frå PPT. PPT må utan ugrunna opphald ta stilling til om hen treng spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, eller ITO i skolen. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging (jf. oppll. §§ 11-4 og 11-5), skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng.
Dei fleste kommunar og fylkeskommunen har skjema for tilvising til PPT liggande på nett, då kan elev/føresette tilvise sjølv. Ein kan ta kontakt med PPT for råd og rettleiing. Det er mogleg å drøfte ei bekymring med PPT anonymt, før ei eventuell tilvising.
Sakkunnig vurdering
Før kommunen/fylkeskommunen kan fatte vedtak om rett til individuelt tilrettelagt opplæring/spesialpedagogisk hjelp, må sakkunnig vurdering vere ferdig.
Vurderinga skal greie ut og ta stilling til om barnet/eleven har behov for spesialpedagogisk hjelp/individuelt tilrettelagt opplæring.
Sakkunnig vurdering etter barnehagelova (§ 34) skal greie ut og ta standpunkt til:
a. om det foreligger sen utvikling og lærevansker hos barnet
b. realistiske mål for barnets utvikling og læring
c. om barnets behov kan avhjelpes innenfor det ordinære barnehagetilbudet
d. hvilken type hjelp og organisering som vil bidra til barnets utvikling og læring
e. hvilket omfang av spesialpedagogisk hjelp som er nødvendig, og hvilken kompetanse desom gir hjelpen bør ha
Sakkunnig vurdering etter opplæringslova (§ 11-8) skal greie ut og ta standpunkt til:
a. eleven sitt utbytte av opplæringa
b. kvifor eleven eventuelt ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av opplæringa
c. kva som er realistiske opplæringsmål for eleven
d. kva tiltak som kan gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa
e. kva kompetanse dei som skal gi opplæringa, bør ha, dersom det skal gjerast unntak frå kompetansekrava etter § 11-9 andre eller tredje ledd
Du kan lese meir om PPT på Udir sine sider
- https://www.udir.no/laring-og-trivsel/spesialpedagogikk/pp-tjenesten/
- 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste | udir.no
Nyttige lenker:
- Spesialpedagogikk og tilrettelegging
- Veileder for spesialpedagogisk hjelp
- Veileder for tilpasset opplæring og individuell tilrettelegging
- Statped
- CRPD Veiledning til FN konvensjonen om rettigheter til mennesker med nedsatt funksjonsevne | Bufdir
- Kvalitetskriterium i PP-tenesta
- Elevens beste og elevens rett til medvirkning ved individuelt tilrettelagt opplæring | Statsforvaltaren i Rogaland
Kontaktpersonar
-
Astrid Løvås Pundsnes
Tlf: 51 56 88 81 -
Mette Sømme
Tlf: 51 56 87 35 -
Inger Lønning
Tlf: 51 56 87 83 -
Gina Løland
Tlf: 51 56 88 10