Fysisk inngripen i skolen
Skolen skal jobbe kontinuerleg og systematisk for å unngå at det oppstår situasjonar som inneber at tilsette må gripe inn fysisk mot elevar. Dette står i opplæringslova § 13-3.
Det går likevel fram av opplæringslova at tilsette kan gripe inn mot ein elev for å hindre at eleven
- krenkjer ein person fysisk eller psykisk eller utset seg sjølv for fysisk fare
- skader eigedom
- viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
- vesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevar
Dei tilsette kan berre gripe inn fysisk når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege.
Dei tilsette har ikkje lov til å gripe inn fysisk for å straffe elevar. Dei tilsette har heller ikkje lov til å halde fram med å gripe inn fysisk etter at skaden er avverja.
Dersom ein tilsett har gripe inn fysisk mot ein elev, må den tilsette melde frå om dette til rektor. Rektor må melde frå til eleven sine føresette om det som har skjedd. Skolen må også skriftleg dokumentere alle fysiske inngrep mot elevar.
Her kan du lese meir:
Kontaktpersonar
-
Astrid Løvås Pundsnes
Tlf: 51 56 88 81 -
Hjalmar Arnø
Tlf: 51 56 87 41 -
Lars Wetteland
Tlf: 51 56 87 29

