Opplæring i barnevernsinstitusjonar

Barn og unge som bur i ein barnevernsinstitusjon, har same rett til opplæring som andre elevar. Opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, inkludert fag- og timefordelinga og opplæring i kompetansemåla i alle fag, jf. forskrift til opplæringslova kap. 1. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale timetalet som andre elevar.

Publisert 09.03.2022

Fylkeskommunen der institusjonen ligg er ansvarleg

Når barn og unge er plasserte i barnevernsinstitusjon på grunnlag av eit vedtak etter barnevernlova, er det fylkeskommunen der barneversinstitusjonen ligg som skal sørgje for at retten til opplæring blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-2.

Ansvaret gjeld for barn og unge i institusjonar som den statlege regionale barnevernmynden (Bufetat) har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar etter barnevernlova § 5-8.

Innhald og omfang av opplæringa

Opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, inkludert fag- og timefordelinga og opplæring i kompetansemåla i alle fag, jf. forskrift til opplæringslova kap. 1. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale timetalet som andre elevar.

Vurdering og eksamen

Fylkeskommunen har også ansvar for at elevar får vurdering i faga, jf. forskift til opplæringslova kapittel 3. Dette ansvaret inneber også ansvar for å melde eleven opp til eksamen og å skrive ut vitnemål. Der det er nødvendig, må Fylkeskommunen kontakte og gjere avtale med skolen/skolane der eleven har fått opplæring for å få informasjon om standpunktkarakterar og fråvær.         

Nærskoleretten 

Dersom det er til deira beste, har også barn og unge som bur i ein institusjon, rett til å gå på nærskolen, jf. opplæringslova § 8-1. Nærskolen er den skolen som ligg nærast institusjonen der eleven bur. Dersom det er mogleg, kan eleven eventuelt fortsetje skolegangen på heimeskolen sin. Fylkeskommunen må gjere nødvendige avtalar med kommunane/skolane.

Lokale, utstyr og undervisningsmateriell

Dersom eleven får opplæringa i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale. Lokala skal oppfylle allmenne tekniske og tryggleiksmessige krav i plan- og bygningslova og forskrift om miljøretta helsevern. Lokala skal også vere i samsvar med krava som opplæringslova kap. 9a set til elevane sitt fysiske miljø. Institusjonen kan ikkje krevje at fylkeskommunen betaler for leige av lokala.

Fylkeskommunen skal skaffe elevane nødvendig undervisningsmateriell og utstyr, også når opplæringa skjer i institusjon, jf. opplæringslova § 2-15 og 3-1 niande ledd.

Refusjon av utgifter

Fylkeskommunen der institusjonen ligg har rett til refusjon av utgifter til opplæringa frå den fylkeskommunen der barnet eller den unge bur når vedtaket om plassering blir fatta, jf. opplæringslova § 13-2 første ledd. Føremålet med refusjonsreglane er å jamne ut dei økonomiske konsekvensane ved at nokre fylkeskommunar har fleire barnevernsinstitusjonar enn andre.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar