Rett til å gå på næraste skole

Nærskoleretten er for at elevar i same nærmiljø skal tilhøyre same skole. ( Marketing Solution)

Alle barn har rett til å gå på den offentlege skolen som ligg nærast heimen i sin kommune. Dette gjeld også for barn med behov for spesialundervisning.

Publisert 04.03.2024

Kva er nærskolen?

Opplæringslova § 8-1 første avsnitt gir alle barn rett til å gå på ein bestemt skole: Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til.

Ut frå den todelte ordlyden i lova, kan det sjå ut som om det dreier seg om to alternative skolar: enten den skolen som ligg nærast i avstand, eller den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Det er likevel tale om ein og same skole, ofte kalla nærskolen. Både «den skolen som ligg nærast» og «den skolen i nærmiljøet som dei soknar til» handlar om det same og er knytt til vurderinga av kva som skal reknast som den næraste skolen.

Hovudformålet med regelen er at elevar frå dei same geografiske områda skal gå på den same skolen. Vurderinga av kva skole som ligg nærast, skal ta utgangspunkt i geografiske forhold. Geografisk nærleik blir fastsett  på grunnlag av fysisk avstand til den enkelte skolen, slik at elevane blir viste til den skolen som gir kortast skoleveg. Alle barn skal få gå på grunnskole med dei andre barna frå sitt nærmiljø. Dette gjeld både barneskolen og ungdomsskolen.

Skolekretsar

Kommunen kan lage forskrift om skolekretsar.  Det vil seie at kommunen bestemmer kva for område som soknar til dei ulike skolane i kommunen. 

Dette skal sikra føreseieleg og lik behandling for innbyggarane i kommunen og formålsteneleg organisering lokalt. Forskrifta vil òg vera sentral ved klagebehandling, der kommunen blir gitt høve til å synleggjere for Statsforvaltaren korleis nærskoleretten er varetatt.

Skolekretsgrensene må samstundes ligge innanfor ei rimeleg tolking av kva som er den geografisk næraste skolen. Du skal for eksempel ikkje måtte gå dobbelt så langt til skolen berre fordi kommunen har skolekretsgrenser. Naturlege forhold som fjell og elver, skolevegar som er særleg trafikkfarlege og liknande kan vere gode grunnar til at kommunen bestemmer at elevar må gå på ein annan skole enn den som reint faktisk ligg nærast heimen. Men til vanleg vil retten til å gå på den næraste skolen stå over kommunen sin rett til å lage skolekretsar.

Kva om den næraste skolen er full?

Det er ikkje lov å ha for mange elevar inne på ein skole. Alle må blant anna ha nok plass å bevege seg på, og nok luft å puste i. Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler seier mykje om dette.

Klassane, basisgruppene og gruppene kan heller ikkje vere større enn det som er pedagogisk og sikkerheitsmessig forsvarleg, jf. opplæringslova § 8-2 første ledd siste punktum.

Av og til har ikkje skolen plass til alle elevane som bur nærast denne skolen. Då må kommunen gi dei plass på ein annan skole. Dette gjeld vanlegvis elevar som ikkje har begynt på skolen ennå eller eldre elevar som flyttar til området. Det er svært sjeldan at elevar som allereie går på ein skole blir flytta. Dersom du får melding om at skolen er full og at eleven får plass på ein annan skole, har du rett til å klage på avgjerda. Sjå avsnittet under om klager.

Skolestart

Alle foreldre skal få melding om kva skole barna har fått plass på når dei skal begynne på fyrste trinn. Meldinga skal komme i god tid før skolestart. Viss du nettopp har flytta til kommunen, eller av andre grunnar ikkje har fått ei slik melding, må du ta kontakt med kommunen snarast.

Ønskjer du ein annan skole enn nærskolen, må du søke kommunen om dette.

Du kan søke om å byte skole

Dersom ein elev ønskjer å gå på ein annan skole enn dei får plass på, eller vil byte skole, kan eleven/foreldra søke kommunen om dette.

Slik gjer du:

1) Skriv eit vanleg brev eller ein e-post der du skriv kva skole du har plass på, og kva skole du ønskjer plass på. Ta med grunnen/grunnane for at du ønsker plass på denne skolen. Kven søknaden skal sendast til varierer mellom kommunane. Ta kontakt med kommunen dersom dette er uklart.

2) Du får eit skriftleg svar på om du får byte skole eller ikkje. I svarbrevet skal det stå kvifor kommunen/rektor svarer ja eller nei på søknaden din. Dette brevet blir kalla eit enkeltvedtak. Det skal stå i brevet at du kan klage dersom du ikkje er nøgd med svaret. Det skal stå kven du skal sende klagen til, og at du må klage innan tre veker frå du fekk brevet.

Klage

Dersom du fekk avslag på ein søknad om skoleplass eller vil klage på plassen du har fått, må du gjere det innan tre veker frå du fekk brevet. Klagen må vere skriftleg.

Slik gjer du:

1) Skriv eit vanleg brev eller ein e-post som du sender til den som har underteikna brevet. Det pleier å vere rektor på den skolen du har frå før, eller kommunen. I klagen skriv du kva vedtak du klagar på og forklarer kva endring du ønsker. Du bør skrive kvifor du ønsker endring av vedtaket. 

2) Rektor/kommunen kan gjere om vedtaket. Det betyr at du får medhald i klagen, og får plass på skolen du ønsker deg. Dersom du ikkje får medhald, skal rektor/kommunen sende klagen til Statsforvaltaren. Kommunen sender deg brev om dette. Dette skal skje automatisk. Du treng ikkje gjere noko.

3) Dersom klagen blir sendt til Statsforvaltaren, vil du få svar frå oss i din digitale postkasse eller i posten. Du får enten medhald i klagen og plass på skolen du ønsker, eller ikkje medhald i klagen (avslag). I nokre tilfelle sender vi saka tilbake til kommunen for ny behandling. Statsforvaltaren er endeleg klageinstans for klager om skolebyte. Du kan ikkje klage på svaret du får frå Statsforvaltaren.

Kva har du rett på og kva kan Statsforvaltaren gjere?

Elevar har ei lovfesta rett til å gå på den næraste grunnskolen i kommunen. I ei klagesak vil Statsforvaltaren vurdere om eleven sin rett er oppfylt eller ikkje. Dersom eleven ikkje har fått plass på den næraste skolen, vurderer vi om kommunen har gode nok grunnar for å bestemme at eleven må gå på ein annan skole.

Viss du har søkt om plass på ein annan skole i kommunen, eller ein skole i ein annan kommune, så er ikkje dette noko du har lovfesta rett på. Då er det kommunen som vurderer søknaden og svarer ja eller nei. Avgjerda ligg under kommunen sitt «frie skjønn». Det betyr at Statsforvaltaren berre kan endre kommunen sitt vedtak dersom

  •       kommunen ikkje fylgjer opplæringslova
  •       det er lagt til grunn feil fakta
  •       vi finn at omsynet til barnets beste talar for skolebyte, og dette omsynet veg tyngre enn
          omsynet til det kommunale sjølvstyret.
  •       kommunen har gjort saksbehandlingsfeil
  •       kommunen ikkje har fylgt god forvaltningsskikk. Det vil seie at kommunen har tatt
          utanforliggande omsyn, har usakleg forskjellsbehandla eller gjort eit urimeleg vedtak.

Reglar om klage og saksbehandling finn du i forvaltningslova frå § 28 og utover.

Barnets beste

Ved avveging mot andre interesser skal omsynet til barnets beste ha stor vekt i tråd med FN sin barnekonvensjon art. 3 og art. 12, Grunnloven § 104 og forvaltningslova § 17. Avgjerder som gjeld barn må vise at barnet sine interesser er identifiserte og korleis desse er blitt vekta opp mot andre omsyn i saka. 

Barnets beste skal ha stor vekt, danne utgangspunktet, løftast spesielt fram og stå i forgrunnen i saksbehandlinga. Vi viser her til uttale frå Sivilombodsmannen i sak 2019/3190. I same sak ber Sivilombodsmannen om at Statsforvaltaren i slike klagesaker gjer ei individuell og konkret vurdering om barnets beste er vektlagt.

Elevar med to heimar kan ikkje gå på to skolar

Elevar med delt bustad kan ikkje ha plass ved to ulike skolar samstundes. Vi reknar det heller ikkje som forsvarleg for eleven si opplæring å gå på to skolar. Alle barn har rett til å gå på den skolen som ligg nærast deira folkeregistrerte adresse. Barn kan ikkje vere folkeregistrerte to stadar. Foreldra som ikkje bur saman må velje kva heim barnet skal folkeregistrerast på. Barna får så rett til å gå på den skolen som er nærast denne adressa.

Foreldra kan søke om plass på annan skole enn nærskolen, også om det gjeld i ein annan kommune. Men eleven vil ikkje ha lovfesta rett til å gå på ein annan skole enn nærskolen. Sjå avsnitta over om korleis du søker om skolebyte.

Kva om vi flyttar?

Viss du flyttar til ein annan skolekrets eller nærare ein annan skole, får du ny folkeregistrert adresse og rett til å gå på den nye skolen.

Dersom du ønskjer å fortsetje på den gamle skolen, bør du snakke med rektor på den gamle skolen om dette. Viss du har flytta innan same kommune, vil rektor lettare kunne svare på om du kan fortsetje eller ikkje. Du må sannsynlegvis søke skriftleg om å få fortsetje. Sjå avsnitta over om korleis du søker om skolebyte. Kommunen vurderer søknaden og svarer på den.

Dersom du har flytta til ein annan kommune, er sjansen nok mindre for at du får halde fram på den gamle skolen. Men det er lov å søke. Hugs å ta med alle grunnane for at du vil fortsette på den gamle skolen. Viss du for eksempel berre har eitt år eller mindre enn eitt år igjen på ungdomstrinnet, er det viktig å få dette fram i søknaden.

Retten til å gå på den næraste skolen gjeld ikkje for vidaregåande skole

Når du kjem på vidaregåande nivå, har du ikkje nokon lovfesta rett til å gå på den vidaregåande skolen som ligg nærast heimen. Du har likevel rett til vidaregåande opplæring, og dei fleste i Rogaland går på ein av skolane som ligg nærast heimstaden.

Tvangsflytting av elevar

Alle elevar har rett til eit godt miljø på nærskolen sin. Dei skal til dømes ikkje føle seg trua, redde eller krenka. Dersom ein eller fleire elevar øydelegg skolemiljøet for andre, må skolen gjer noko med dette. Skolen må setje i verk tiltak som sikrar at alle elevane igjen får eit godt skolemiljø. Dersom tiltaka ikkje verkar, kan elevar som i særleg grad øydelegg skolemiljøet for andre bli flytta til ein annan skole. Det står i opplæringslova kapittel 8 at elevar kan flyttast vekk frå nærskolen og til ein annan skole når omsynet til dei andre elevane tilseier det. Det å tvangsflytte ein elev er ein særs sterk reaksjon frå skolen sin side, og det får store konsekvensar for den eleven som blir flytta. Det er derfor viktig at skolen prøver mange andre tiltak først.

Kan kommunen legge ned nærskolen?

Opplæringslova inneheld ingen reglar for oppretting eller nedlegging av skolar. Det gjer heller ikkje anna lovverk. Endringar i skolestrukturen høyrer til kommunane sitt handlingsrom. Kommunen må likevel vurdere barna sitt beste i avgjerd som gjeld skolestruktur, i tråd med barnekonvensjonen. Barn skal heller ikkje få uforholdsmessig lang skoleveg.

Når kommunen vurderer å endre skolestrukturen, for eksempel å opprette ein skole, å legge ned ein skole, å legge ned trinn ved ein skole eller liknande, må saka vere forsvarleg opplyst før politikarane tar avgjerda. For at saka skal bli tilstrekkeleg opplyst er det viktig å sikre allmenn innsynsrett, og alle involverte partar bør få høve til å uttale seg.

Dei som skal uttale seg kan vere skolen sitt samarbeidsutval, skolemiljøutval, tilsette sine fagforeiningar, foreldreråd, elevråd og grendalag eller organisasjonar med interesse i saka. Det er dei folkevalte politikarane som avgjerd saka til slutt.

Ny opplæringslov

Frå skuleåret 2024/2025 trer ny opplæringslov i kraft. Loven vidarefører delar av § 8-1, jf. ny opplæringslov § 2-6.

Relaterte saker:

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.