Er det lov å bruke tvang i skolen?

Statsforvaltaren får ofte spørsmål om kva reglar som gjeld for bruk av tvang i skolen. Mange er usikre på dette, mellom anna fordi det finst eigne reglar for bruk av tvang i helselovgivinga. Men opplæringslova gir ikkje heimel for bruk av fysisk tvang og makt overfor elevar. 

Publisert 27.01.2022

Nødrett og nødverje

Dei som arbeider i skolen, har ei særleg plikt til å ha omsorg for elevane, og det hender at det blir nødvendig å gripe inn med makt for å hindre at elevar skadar kvarandre eller seg sjølve. Då er det reglane om nødrett og nødverje i straffelova som gjeld. Nødrett er definert som ein rett til å gjere ei elles ulovleg handling for å redde menneske eller verdiar frå ein fare for skade som elles ikkje kunne bli hindra på rimeleg måte. Det skal mykje til for at nødrettsregelen kan brukast.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar