Alvorleg skolefråvær

Mange barn og unge vegrar seg mot å gå på skolen.  Årsakene kan vere mange og samansette. (Foto fra Microsoft)

Mange barn og unge vegrar seg mot å gå på skolen.  Årsakene kan vere mange og samansette. Det kan vere at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, eller at skolen ikkje legg opplæringa godt nok til rette for eleven. I nokre tilfelle kan vegringa skuldast forhold hos eleven sjølv, i heimen eller i nærmiljøet til eleven.

Publisert 13.02.2024, Sist endra 13.02.2024

Rett og plikt til grunnskoleopplæring

I Noreg har barn både rett og plikt til grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-1. Dette betyr at elevane ikkje kan vere borte frå skolen over lengre tid før skolen må setje inn tiltak. Jo tidlegare problemet blir avdekka og tiltak blir sette i verk, jo større er sjansane for å lukkast. Foreldra bør derfor raskt melde frå til skolen dersom dei slit med å få barnet til å gå på skolen.   

Tidleg intervensjon ved skolevegring

Tiltak for å hjelpe elevar som sit heime attende til skolen

Særleg tilrettelegging og spesialundervisning

Dersom ein elev ikkje kan følgje ordinær opplæring, har skolen plikt til å kontakte PP-tenesta. PP-tenesta skal vurdere om eleven kan ha rett til særleg tilrettelegging og spesialundervisning, jf. opplæringslova kapittel 5.

Les meir: Rettleiaren Spesialundervisning

Trygt og godt skolemiljø

Dersom årsaka til at eleven ikkje vil gå på skolen er at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, må foreldra eller eleven straks melde frå til rektor. Rektor har då plikt til å undersøke og sette inn eigna tiltak som sørgjer for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø.

Informasjon om kva skolen skal gjere, og elevar og føresette sin moglegheit til å melde saka til Statsforvaltaren

Her kan elevar og føresette i Rogaland melde frå til Statsforvaltaren om utrygt skolemiljø

Mobbing og mistrivsel - kva skal skolen gjere?

Samarbeid

Skolen og lærarane må samarbeide tett med eleven og foreldra om tiltaka og evalueringa av desse. Det kan også vere aktuelt at skolen og foreldra samarbeider tverrfagleg med m.a. PPT, skolehelsetenesta, BUP og barneverntenesta om eleven sine vanskar.

Rutinar ved alvorleg skolefråvær

Det er viktig at skolane har gode rutinar for registrering av fråvær, slik at elevar som av ulike grunnar ikkje kjem på skolen blir fanga opp tidleg.

Vi veit ikkje kor stort problemet med skolefråvær eigentleg er

Fleire kommunar har utarbeidd klare og gode rutinar for kva skolane skal gjere når ein elev ikkje vil gå på skolen, m.a. registrering av fråvær, rask oppfølging og tiltak. Du finn døme på slike rutinar i Haugesund kommune og Stavanger kommune.

Om skolevegring  - Stavanger kommune

Om alvorleg skulefråvær  - Haugesund kommune

10 gode råd

Trude Havik ved UIS har forska på og skrive ei doktoravhandling om skolevegring. Ho gir ti råd til kva du som forelder kan gjere dersom barnet ditt opplever skolevegring:

 https://www.uis.no/nb/skolevegring-hva-kan-laerere-og-foresatte-gjore#/

One size fits all

Barneombudets ekspertgruppe om skolefråvær har utarbeidd rapporten "One size fits all". Ekspertgruppa består av seks ungdommar i alderen 14 til 18 år. Dei har undersøkt kva som er viktig for å hindra at skolefråvær skjer, og korleis skolen og andre kan følgje opp elevar som får fråvær:

One-size-fits-all (barneombudet.no)

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.