Ein trygg skoledag utan mobbing

F.v. Lars Wetteland, Lina Bryne Larsen, Anne Wilson, Hjalmar Arnø, Elisabeth Ur Fjørtoft, Nils Andreas Høie og Ragnhild Otto. Foto: John Gunnar Skien/Statsforvaltaren i Rogaland. 
F.v. Lars Wetteland, Lina Bryne Larsen, Anne Wilson, Hjalmar Arnø, Elisabeth Ur Fjørtoft, Nils Andreas Høie og Ragnhild Otto. Foto: John Gunnar Skien/Statsforvaltaren i Rogaland. 

Det er enkelt å ta kontakt med oss! Bruk det første skjemaet til å gi kort beskjed til oss slik at me kan ta kontakt med deg. I det andre skjemaet kan du skriva litt om grunnen til at du melder frå til oss. Me set pris på om du gjer det. 

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren.

Sei frå til rektor først

Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor. Rektor skal ta deg på alvor og skulen må undersøke det som har skjedd. Dei vaksne på skulen skal gjere alt dei kan for å hjelpe deg. Skulen skal ta tak i saka di innan det har gått ei veke. Deretter skal skulen lage ein skriftleg plan for korleis dei skal hjelpe deg. Du kan vere med på å lage planen om du ønskjer det

Sei frå til Statsforvaltaren viss skulen ikkje gjer nok

Viss skulen brukar meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan du kontakte oss hjå Statsforvaltaren. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Statsforvaltaren skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin. Etter det kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.

PS. Du kan alltid kontakte oss som jobbar hjå Statsforvaltaren viss du lurer på noko. Bruk kontaktinformasjonen oppe til høgre for å finne Statsforvaltaren i fylket ditt.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 16.03.2022

Alvorleg skolefråvær

Mange barn og unge vegrar seg mot å gå på skolen.  Årsakene kan vere mange og samansette. Det kan vere at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, eller at skolen ikkje legg opplæringa godt nok til rette for eleven. I nokre tilfelle kan vegringa skuldast forhold hos eleven sjølv, i heimen eller i nærmiljøet til eleven.


Publisert 24.02.2022

Informasjonsfilm om kap.9a frå Fylkesmannen

Elevar frå Bryne vidaregåande skole har laga informasjonsfilm om retten til eit trygt og godt skolemiljø.

 


Publisert 22.02.2022

Resultat fra elevundersøkelsen 2021

Elevene i Rogaland rapporterer om et godt læringsmiljø med høy trivsel, faglige utfordringer og opplevelse av mestring. De opplever også god støtte fra lærerne og hjemmefra.


Publisert 22.02.2022

Trygt og godt skolemiljø – 2021

I 2021 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 125 meldingar om at elevar ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.


Publisert 17.02.2022

Hvordan fremme trygt og godt skolemiljø

Alle elever har rett til å ha det trygt og godt på skolen og rett til et godt læringsmiljø. Et godt læringsmiljø er en forutsetning for elevenes faglige og sosiale utvikling. At elevene er inkludert og er en del av et fellesskap, forebygger mobbing og andre krenkelser. Det er ulike faglige tilnærminger til hvordan man skaper et godt læringsmiljø.


Dette står i lova

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking, som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.

Skolen skal heile tida arbeide for best mogleg skolemiljø og at skolen blir opplevd som trygg og god for elevane. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Alle vaksne som arbeider på skolen skal følge med på at elevane har det bra og gripe inn mot mobbing og anna krenking. Dei skal også varsle rektor viss dei får mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt.

Dette står i opplæringslova kapittel 9A og gjeld frå 1.8.2017