Samfunnstryggleik og beredskap

Oppdatert 06.03.2023

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen. Som innbyggjar kan du utruste deg til å klare deg sjølv i nokre dagar.

Statsforvaltaren er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Statsforvaltaren kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. I rådet deltek leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. 

Råd om eigenberedskap til deg som er innbyggjar i Noreg

Du er ein del av Noregs beredskap. Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

21.04.2023

Arctic REIHN: Skal øve på håndtering av atomulykke til sjøs

Norges største atomøvelse gjennomføres i Bodø i mai. Scenarioet er en eksplosjon på et skip med turister.


17.02.2023

Samlet for første gang på over tre år

Tirsdag denne uken kunne endelig fylkesberedskapsrådet møtes ansikt til ansikt under sin årlige samling.


13.01.2023

Setter av millioner til samarbeid mellom kommuner

Statsforvalteren skal bruke inntil 40 millioner kroner av sine skjønnsmidler for å utrede og etablere flere interkommunale samarbeid i Nordland i år.


10.01.2023

Justering i systemet for beredskap i reindrift

De viktigste endringene er at mandatet for beredskapsutvalgene er justert. Mandatet har en nærmere presisering av oppgaver, fastsetting av tidspunkt for beitekrise, taushetsplikt og habilitet. Andre viktige endringer er at distriktsstyret kan vedta å ta i bruk eget beredskapsfond hvis det er beitekrise.


04.01.2023

Nå kan du melde deg på Nordlandskonferansen

Beredskap, ung inkludering og samfunnsutvikling i det grønne skiftet er noen av temaene som løftes fram under Nordlandskonferansen i Bodø 8. og 9. februar 2023.


15.11.2022

Tilskudd til klimatilpasning

Nå kan kommunene i Nordland og resten av landet søke om penger for å tilpasse seg klimaendringene.


06.10.2022

3D i kommunal arealplanlegging - Nordland

Kurskomitéen for arealplandata i Nordland avholder kurs om «3D i kommunal arealplanlegging» 27. oktober og 1. november 2022. Påmeldingsfrist 19. oktober 2022


17.03.2022

Svært mye regn på vei mot Nordland - fare for flom og skred

Det er sendt ut varsel om 80-120 mm nedbør på et døgn i nordlige deler av Nordland i helga. Det er i tillegg sendt ut oransje farevarsel for flom og jord-, sørpe- og flomskred, rødt farevarsel for snøskred.


02.02.2022

Varsler svært kraftige vindkast i deler av fylket

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel om svært kraftige vindkast torsdag kveld og fredag.


02.02.2022

Dette er koronatiltakene som gjelder nå

Folk blir mindre syke av den virusvarianten som nå herjer, og vaksinen gir oss god beskyttelse. Derfor har regjeringen fjerne svært mange av koronatiltakene.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel